9319_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/skattlign/aar
9319
569 milliardar i utlikna skatt
statistikk
2009-02-11T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattlign, Skattelikninga (opphørt), selskapsskatt, personskatt, skattefrådrag (for eksempel boligsparing, Finnmarks-frådrag, godtgjerslefrådrag), skattetypar (for eksempel inntektsskatt, formuesskatt, kommuneskatt)Skatt for næringsvirksomhet, Skatt for personer, Virksomheter, foretak og regnskap, Inntekt og forbruk
false

Skattelikninga (opphørt)2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

569 milliardar i utlikna skatt

Sum utlikna skatt for personar og selskap utgjorde til saman 569 milliardar kroner for inntektsåret 2007. Dette var 12 milliardar kroner meir enn året før.

Feil i denne statistikken er retta i seinere publiseringar

Nye ordningar i petroleumsbeskatninga blei innført frå og med 2005, og påverkar tal i skattestatistikk for selskap, og oversyn over skattelikninga. Tala i denne artikkelen reflekterer ikkje endringane som er gjort. For nye og oppdaterte tal, sjå skattestatistikk for selskap med tilhøyrande tabellar (2009) (frigitt 20. desember, retta 25. januar 2011) og oversyn over skattelikninga med tabellar (2008) (frigitt 16. februar 2008, retta 25. januar 2011).

For meir informasjon om rettingane og bakgrunnen for desse, sjå eigen artikkel, " Retting av skattestatistikk - utbetaling av skatteverdi ".

Utlikna selskapsskatt utgjorde 261 milliardar kroner i 2007, ein reduksjon på 20 milliardar jamført med 2006. Reduksjonen i utlikna skatt frå selskap kjem i hovudsak av lågare skattar frå oljeselskapa. Personar hadde ein auke i utlikna skatt på 32 milliardar kroner og fekk utlikna 308 milliardar i skatt i 2007.

Sum frådrag i skatt for personar og selskap utgjorde 22 milliardar kroner, ein auke på 3 milliardar kroner frå året før.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på uttrekk frå Skattedirektoratet sitt register over likninga for personar og selskap.

Meir informasjon om skattestatistikk for personar

Meir informasjon om skattestatistikk for selskap

Tabeller: