Kven er yrkesfiskaren – og kva tener han?
Publisert:
Den gjennomsnittlege yrkesfiskaren er ein mann på 45 år. Han bur i einebustad og hadde ei bruttoinntekt på 892 000 kroner i 2017. Bortimot 60 prosent er gifte eller sambuande.
Fiskaryrket er fysisk krevjande og har til alle tider vore mannsdominert. Effektivisering, teknologisk utvikling og omfattande reguleringar av kvoter og løyver har ført til at talet på fiskarar har gått jamt nedover i fleire tiår. I 1950 var det tett innpå 100 000 som livnærte seg heilt eller delvis som yrkesfiskarar. I 2017 var talet redusert til 11 300, og av desse hadde knapt 9 500 fiske som hovudnæring. Av dei igjen var det berre litt over 300 kvinner.
Fire av fem med næringsinntekt
Nesten 7 900 av fiskarane med fiske som hovudyrke hadde positiv næringsinntekt frå fiske, medan 1 700 ikkje var registrerte som sjølvstendig næringsdrivande. I gjennomsnitt var næringsinntekta frå fisket dei dreiv 643 000 kroner for heiltidsfiskarane med positiv næringsinntekt i 2017. Median næringsinntekt frå fisket låg på 601 000 kroner. Det vil seie at halvparten av fiskarane med fiskeinntekt sat att med over 600 000 kroner i skattbart overskot frå fiskeri. Om lag 1 200 fiskarar hadde mellom 1 og 2 millionar kroner i næringsinntekt, medan 90 fiskarar hadde næringsinntekt på over 4 millionar kroner etter fiskeria.
I alt utgjorde samla næringsinntekt frå fiske 5,6 milliardar kroner i 2017, og litt over 5 milliardar gjekk til dei med fiske som hovudnæring.
Figur 1. Næringsinntekt frå fiske for sjølvstendig næringsdrivande fiskarar. 2017
Kroner | Fiskarar (antall) |
Under 200000 | 1300 |
200000-499000 | 1909 |
500000-999000 | 3361 |
1000000 - 1999999 | 1200 |
Over 2000000 | 90 |
Figur 2. Inntekt for fiskarar med positiv næringsinntekt frå fiske. 2017
Lønsinntekt 14 % | Anna næringsinntekt 5 % | Næringsinntekt fiske 69 % | Kapitalinntekt mv. 8 % | Pensjonsinntekt 4 % | |
Kroner | 1062000000 | 347000000 | 5059000000 | 553000000 | 302000000 |
Dei godt vaksne fiskarane tente best
Ikkje overraskande er det dei eldre, etablerte fiskarane som tente best. Blant fiskarane i aldersgruppa 50-59 år var gjennomsnittleg bruttoinntekt på 1 033 000 kroner i 2017. Til samanlikning var gjennomsnittet 660 000 kroner i aldersgruppa 20-29 år.
Knapt 22 prosent av fiskarane er i aldersgruppa 50-59 år, medan 18 prosent er i gruppa 20-29 år.
Figur 3. Gjennomsnittleg og median bruttoinntekt for yrkesfiskarar i 2017
Gjennomsnittleg bruttoinntekt | Median bruttoinntekt | |
16-19 år | 305934 | 233034 |
20-29 år | 660183 | 624240 |
30-39 år | 859955 | 810922 |
40-49 år | 968127 | 853693 |
50-59 år | 1032673 | 841783 |
60-69 år | 1011462 | 709592 |
70 år og eldre | 816713 | 478647 |
Figur 4. Aldersfordeling blant fiskarar med fiske som hovudyrke. 2017
Fiskarar (antall) | |
16-19 år | 196 |
20-29 år | 1743 |
30-39 år | 1640 |
40-49 år | 1895 |
50-59 år | 2067 |
60-69 år | 1485 |
70 år og eldre | 490 |
Mennene håva inn mykje meir enn kvinnene
Ikkje berre er kvinnene få, dei tener også mindre enn dei mannlege kollegaene. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for dei kvinnelege fiskarane var 515 000 kroner, medan mennene hadde 905 000 kroner i snitt i 2017. Median bruttoinntekt var noko mindre for båe kjønn, høvesvis 758 000 kroner for mennene og 447 000 kroner for kvinnene. Rett nok er gjennomsnittsalderen til kvinnene litt lågare, men det er neppe hovudårsaka til den store skilnaden.
Flest fiskarar frå Møre- og Romsdal og Nordland
Vi finn yrkesfiskarar i alle fylke, men dei fleste bur sjølvsagt langs kysten. Det er flest busette med fiske som hovudyrke i Nordland og Møre og Romsdal. I alt budde 2 200 i Nordland, medan 1 950 var busette i Møre og Romsdal. Tromsø og Ålesund er kommunane som har flest innbyggjarar med fiske som hovudyrke, med høvesvis 332 og 310.
Fiskarane frå Møre og Romsdal var også dei som sat att med størst bruttoinntekt i 2017, i gjennomsnitt 1 030 000 kroner kvar. For dei med næringsinntekt frå fiske i dette fylket, var snittet 748 000 kroner.
7 prosent hadde over 4 millionar kroner i gjeld
Personar med fiske som hovudyrke hadde i gjennomsnitt 1,37 millionar kroner i gjeld i 2017. Drygt ein fjerdedel hadde meir enn 2 millionar kroner i gjeld, medan 44 prosent hadde ei gjeld under 500 000 kroner.
4 av 5 bur i einebustad
Over 80 prosent av yrkesfiskarane bur i einebustad, 12 prosent bur i tomannsbustad eller rekkehus, medan resten er busette i andre bygningstypar. Bortimot 40 prosent av fiskarane er gifte, medan 20 prosent er sambuarar. Nesten ein tredjedel bur åleine, medan 1 av 10 bur heime hjå foreldra.
Faktaside
Kontakt
-
Trond Amund Steinset
-
SSBs informasjonstjeneste