220599_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/aar-forelopige
220599
Stabil fangstmengd – rekordhøg førstehandsverdi
statistikk
2016-01-14T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Fiskeristatistikken gir oversikt over fangstmengd og førstehandsverdi for dei ulika fiskeria. Norske båtar leverte 2,3 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2015.

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil fangstmengd – rekordhøg førstehandsverdi

Norske båtar leverte 2,3 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2015. Dette er om lag det same som året før. Førstehandsverdien auka med 14 prosent til rekordhøge 16,4 milliardar kroner.

Fiskeri. Fangstmengd og førstehandsverdi for utvalde fiskeslag. Førebelse tal
Mengd (tonn)Endring, prosentFørstehandsverdi (mill. kr)
20152014 - 20152010 - 20152015
Totalt2 319 2900,3-13,416 424
Utvalde fiskeslag
Makrell242 235-12,83,52 028
Sild312 959-23,2-66,11 858
Torsk417 455-11,847,35 410
Sei151 240-1,7-33,71 475
Blåkveite14 3582,246,7475
Uer24 74927,985,5240
Skaldyr og blautdyr213 7715,042,41 379
Andre fiskeslag942 52323,412,73 559

Den største delen av fangsten, 62 prosent, gjekk til konsum, medan 38 prosent gjekk til industriell produksjon av fiskemjøl, olje og fôr.

Torskefisket mest verdifullt

Fangstmengda for torsk minka med 12 prosent frå 2014 til 2015, medan førstehandsverdien auka med 15 prosent til 5,4 milliardar kroner. Fangsten av torsk utgjorde 18 prosent av total fangstmengd og 33 prosent av total førstehandsverdi og er det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Førstehandsverdien for makrell og sei var på respektive 2,0 og 1,5 milliardar kroner i 2015. Dette er ei auke frå 2014 på 5 prosent for makrell og 16 prosent for sei. I same periode minka fangstmengda med 13 prosent for makrell og 2 prosent for sei.

Auka fangst av kolmule

Det blei fiska 489 400 tonn kolmule til ein førstehandsverdi på 923 millionar kroner i 2015. Samanlikna med 2014 er dette ei auke på 59 prosent i førstehandsverdien og 23 prosent i fangstmengda. Kolmulefangsten utgjorde 21 prosent av den samla fangstmengda i 2015.

Framleis nedgang i sildefangsten

I 2015 blei det fiska 313 000 tonn sild. Dette er 23 prosent mindre enn året før og den lågaste fangstmengda på over 20 år. Førstehandsverdien minka med 3 prosent til 1,9 milliardar kroner frå 2014 til 2015.

Antarktisk krill auka i verdi

Samlegruppa «andre skaldyr og blautdyr» inneheld hovudsakleg antarktisk krill. Frå 2014 til 2015 auka fangstmengda og førstehandsverdien med respektive 1 og 8 prosent. Denne gruppa utgjorde 8 prosent av total fangstmengd i 2015.

Utanlandske landingar til 3,2 milliardar kroner

Utanlandske fartøy leverte 364 800 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2015. Verdien av dei utanlandske landingane var 3,2 milliardar kroner.