Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i fisket
Det blei fiska til saman 1,4 millionar tonn fisk i 1. halvår i år, ein nedgang på 12 prosent i forhold til same tidsrom i fjor. Størst nedgang har det vore i fangstane av torsk, hyse, sild og tobis. Dette går fram av førebelse tal.
Det blei fiska 169 000 tonn torsk og 277 000 tonn sild i 1. halvår 1999. Dette er ein nedgang på respektive 25 og 18 prosent samanlikna med året før. Torsken utgjorde om lag 12 prosent av den totale fangstmengda, medan 42 prosent av førstehandsverdien skreiv seg frå torskefisket. Sild utgjorde 20 prosent av fangsten og 9 prosent av førstehandsverdien.
Fangstane av kolmule, tobis og augepål var på 629 000 tonn som er 45 prosent av oppfiska mengd, men berre 7 prosent av verdien. Denne fangsten går vesentleg til mjøl- og oljeproduksjon.
Medrekna skaldyr, skjel og reker var førstehandsverdien 5,1 milliardar kroner 1. halvår 1999 mot 5,3 milliardar kroner i same periode året før. Gjennomsnittsprisane på torsk, hyse og sei var høgare samanlikna med 1. halvår 1998, medan prisane på sild, kolmule, augepål og tobis gjekk ned.
Tabeller:
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61