Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Større fangstmengd, lågare verdi
Norske fartøy leverte 1,6 millionar tonn fisk og skaldyr 1. halvår i år. Dette er ein auke på om lag 12 prosent samanlikna med same tidsrom i fjor. Den største auken har det vore i fangstane av lodde og sild. Førstehandsverdien av fisket utgjorde 4,8 milliardar kroner, ein nedgang på 8 prosent frå same periode i fjor.
Det blei fiska 289 000 tonn lodde i 1. halvår 2000, mot 70 000 tonn 1. halvår 1999. Sildefangstane auka med 7 prosent til 299 000 tonn. Torskefisket gjekk litt ned, men det utgjorde om lag 10 prosent av den totale fangstmengda og 43 prosent av den totale verdien. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote.
Nedgang i prisane
Den totale førstehandsverdien viste ein nedgang på 8 prosent i forhold til 1. halvår 1999. Gjennomsnittsprisane for dei fleste fiskeslaga har gått ned, bortsett frå reke og industrifisk som kolmule, tobis og augepål.
Av den totale fangstmengda gjekk 57 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde 28 prosent.
Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste
fiskeslaga. 1. halvår 1999-2000 |
Fanngstmengd | Fangstverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1999* | 2000* | 1999* | 2000* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 000 tonn rund vekt | Millionar kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 410 | 1 579 | 5 215 | 4 805 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Torsk | 170 | 163 | 2 183 | 2 071 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hyse | 28 | 26 | 313 | 286 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lange | 11 | 10 | 129 | 118 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sei | 119 | 91 | 671 | 404 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lodde | 70 | 289 | 176 | 269 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Uer | 18 | 10 | 116 | 68 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Augepål | 18 | 18 | 10 | 10 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kolmule | 508 | 495 | 273 | 287 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tobis | 104 | 117 | 52 | 72 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sild | 280 | 299 | 459 | 445 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annan fisk1 | 56 | 35 | 403 | 325 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reke | 28 | 26 | 430 | 450 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skaldyr og skjel. |
Fangstmengd og -verdi, etter
bruken av fangsten. 1. halvår 2000 |
Fangstmengd | Fangstverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Tonn | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 578 543 | 4 805 372 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fersk | 85 068 | 766 793 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frysing, farse, rogn | 439 941 | 2 003 534 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Henging | 25 105 | 359 131 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Salting, røyking | 126 659 | 1 140 751 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hermetisering | 1 | 30 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mjøl, olje, dyrefor | 900 951 | 530 762 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agn og annan bruk | 818 | 4 370 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61