Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabil fiskefangst
Førebelse tal per 6. februar 2001 viser at norske fartøy leverte 2,7 millionar tonn fisk i 2000. Dette er om lag det same som førebelse tal for 1999. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien 9,6 milliardar kroner. I 1999 var verdien 9,9 milliardar kroner.
Bortsett frå lodde og makrell har det vore litt nedgang i fangsten for dei fleste fiskeslaga. Torskefisket gjekk ned frå 257 000 tonn i 1999 til 220 000 tonn i 2000. Verdien var 2,9 milliardar kroner. Dette utgjer 8 prosent av den totale fangstmengda og 30 prosent av fangstverdien. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske fartøyer på russisk kvote.
Det blei fiska 786 000 tonn sild til ein verdi av 1,4 milliardar kroner. Dette tilsvara 30 prosent av total fangstmengd og 15 prosent av førstehandsverdien.
Utanlandske fartøy leverte 537 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2000. Verdien av dei utanlandske landingane var 2,8 milliardar kroner.
Bruken av fangsten
Bruken av fangsten har endra seg dei siste åra. I 2000 gjekk 43 prosent av fangsten til frysing og farse og 41 prosent til mjøl, olje og dyrefôr. Den ferske fisken utgjorde 7 prosent. Fem år tidlegare blei berre 17 prosent av fangsten frose, medan delen av fersk fisk utgjorde 31 prosent. Produksjonen av mjøl, olje og dyrefôr har halde seg på om lag same nivå. All fangsten av augepål, kolmule, tobis og ein stor del av lodda går til denne produksjonen.
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.
Tabeller:
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61