Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Same fangstmengd, høgare fangstverdi
Norske fartøy leverte 1,6 millionar tonn fisk og skaldyr 1. halvår i år. Dette er om lag det same som 1. halvår 2000. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien av fisket 5,7 milliardar kroner, ein auke på 15 prosent frå same periode i fjor.
Det blei fiska 251 000 tonn sild i 1. halvår 2001. Dette er ein nedgang på 17 prosent samanlikna med 1. halvår 2000, medan førstehandsverdien auka med 79 prosent til 813 millionar kroner. Torskefisket gjekk litt ned, men det utgjorde om lag 10 prosent av den totale fangstmengda og 38 prosent av den totale verdien. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote. Størst auke har det vore i fangstane av lodde, uer og hyse.
Fangstane av kolmule, tobis og augepål var 558 000 tonn til ein verdi av 371 millionar kroner. Dette tilsvara 35 prosent av oppfiska mengd, men berre 6 prosent av fangstverdien. Fangsten av desse artane går vesentleg til mjøl- og oljeproduksjon.
Av den totale fangstmengda gjekk 52 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde 31 prosent.
Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste
fiskeslaga. 1. halvår 2000-2001 |
*Fangstmengd | *Fangstverdi | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
 2000* | 2001* | 2000* | 2001* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 591 298 | 1 594 853 | 4 985 450 | 5 735 828 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Torsk | 162 372 | 160 689 | 2 157 989 | 2 203 239 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hyse | 26 579 | 31 264 | 298 959 | 356 404 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lange | 9 651 | 8 052 | 118 299 | 127 071 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sei | 90 768 | 86 337 | 417 414 | 426 666 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lodde | 297 683 | 396 756 | 304 516 | 443 356 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Uer | 10 026 | 19 330 | 70 907 | 125 745 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Augepå | 17 704 | 21 460 | 9 884 | 14 180 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kolmule | 495 367 | 478 859 | 287 338 | 311 850 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tobis | 116 586 | 57 769 | 71 656 | 44 949 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sild | 302 275 | 250 524 | 455 098 | 813 073 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annan fisk1 | 35 694 | 56 823 | 332 962 | 466 125 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reke | 26 593 | 26 990 | 460 428 | 403 170 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skaldyr og skjel. |
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten.
1. halvår 2001 |
*Tonn rund vekt | *1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 594 853 | 5 735 828 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fersk | 103 683 | 967 835 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frysing, farse, rogn1 | 494 111 | 2 446 078 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Henging | 23 272 | 351 813 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Salting, krydring, røyking2 | 141 940 | 1 408 583 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hermetisering | 47 | 361 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mjøl, olje, dyre- og fiskefôr | 831 357 | 555 311 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agn og annan bruk | 443 | 5 847 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skrelte reker. |
2 | Medrekna klippfisk. |
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61