Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten endring i total fangstmengd og -verdi
Norske fartøy leverte knapt 1,7 millionar tonn fisk og skaldyr 1. halvår i år. Førstehandsverdien av fisket utgjorde 6,1 milliardar kroner. Førebelse tal viser at det har vore liten endring i mengd og verdi av totalfangsten, samanlikna med 1. halvår 2001.
Størst nedgang har det vore i fangstane av hyse, uer, augepål og kolmule, medan fangstane av torsk, sei, lodde og tobis har auka.
Det blei fiska 179 000 tonn torsk i 1. halvår 2002. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med 1. halvår 2001. Førstehandsverdien auka med berre 1 prosent til 2,3 milliardar kroner. Torskefisket utgjorde om lag 11 prosent av den totale fangstmengda og 37 prosent av den totale verdien. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote.
Sildefangsten gjekk ned med 5 prosent til 240 000 tonn. Førstehandsverdien steig til 1,1 milliardar kroner, ein auke på 29 prosent.
Fangstane av kolmule, tobis og augepål var 597 000 tonn til ein verdi av 586 millionar kroner. Dette tilsvara 36 prosent av oppfiska mengd, men berre 10 prosent av fangstverdien. Fangsten av desse artane går vesentleg til mjøl- og oljeproduksjon.
Av den totale fangstmengda gjekk 55 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde 27 prosent.
Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga.
1. halvår 2001-2002 |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2001* | 2002* | 2001* | 2002* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 610 135 | 1 653 061 | 5 863 218 | 6 030 342 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Torsk | 160 830 | 178 798 | 2 230 937 | 2 255 965 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hyse | 31 237 | 26 421 | 361 072 | 284 336 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lange | 8 054 | 8 008 | 127 126 | 116 018 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sei | 86 305 | 95 262 | 434 752 | 487 283 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lodde | 404 554 | 427 504 | 457 168 | 519 973 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Uer | 19 060 | 10 064 | 127 586 | 49 902 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Augepål | 21 460 | 9 114 | 14 181 | 7 765 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kolmule | 479 501 | 417 091 | 313 010 | 420 583 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tobis | 57 768 | 170 833 | 44 949 | 157 952 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sild | 252 857 | 240 381 | 821 368 | 1 060 629 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annan fisk1 | 57 952 | 37 785 | 477 915 | 358 656 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reke | 30 557 | 31 800 | 453 154 | 341 280 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skaldyr og skjel. |
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten.
1. halvår 2002 |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 653 061 | 6 030 342 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fersk | 109 823 | 887 976 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frysing, farse, rogn1 | 443 654 | 2 385 256 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Henging | 29 828 | 394 680 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Salting, krydring, røyking2 | 152 252 | 1 453 486 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hermetisering | 643 | 8 700 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mjøl, olje, dyre- og fiskefôr | 916 518 | 898 001 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agn og annan bruk | 343 | 2 242 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skrelte reker. |
2 | Medrekna klippfisk. |
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61