Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordstor fangst av kolmule
Førebelse tal viser at på dei seks første månadene i år er det teke 29 prosent meir kolmule enn i heile 2002. Fangstane av kolmule var 717 000 tonn til ein verdi av om lag 616 millionar kroner. Dette tilsvara 48 prosent av all fiskefangst, men berre 14 prosent av fangstverdien. Kolmulen er ein viktig industrifisk, så omtrent heile fangsten går med til mjøl- og oljeproduksjon.
Norske fartøy leverte snautt 1,5 millionar tonn fisk og skaldyr 1. halvår i år. Dette er ein nedgang på om lag 10 prosent samanlikna med førebelse tal 1. halvår 2002. Førstehandsverdien av fisket gjekk ned frå 6,1 milliardar til 4,3 milliardar kroner.
I tillegg til kolmule auka fangstane av sei og uer med høvesvis 22 og 7 prosent i forhold til 1. halvår 2002. Elles har det vore nedgang for dei aller fleste fiskeslaga.
Sildefangsten gjekk ned med 23 prosent til 185 000 tonn. Førstehandsverdien sank til om lag halvparten av verdien samanlikna med 1. halvår 2002.
Det blei fiska 161 000 tonn torsk i 1. halvår 2003. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med 1. halvår 2002. Førstehandsverdien gjekk ned frå 2,3 milliardar kroner til 1,6 milliardar kroner. Dette tilsvarar 11 prosent av den totale fangstmengda og 37 prosent av total førstehandsverdi. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote.
Av den totale fangstmengda gjekk 57 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde 24 prosent og 9 prosent av fangsten blei salta.
Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga.
1. halvår 2002-2003. Tonn. 1 000 kroner |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2002* | 2003* | 2002* | 2003* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 653 061 | 1 480 594 | 6 030 342 | 4 290 165 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Torsk | 178 798 | 161 429 | 2 255 965 | 1 625 597 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hyse | 26 421 | 25 502 | 284 336 | 174 105 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lange | 8 008 | 8 303 | 116 018 | 86 558 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sei | 95 262 | 115 999 | 487 283 | 431 846 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Blåkveite | 5 186 | 5 300 | 61 888 | 73 031 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Uer | 10 064 | 10 744 | 49 902 | 51 254 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lodde | 427 504 | 172 698 | 519 973 | 195 943 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Augepål | 9 114 | 5 773 | 7 765 | 4 444 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kolmule | 417 091 | 717 405 | 420 583 | 615 623 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tobis | 170 833 | 20 477 | 157 952 | 16 530 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sild | 240 381 | 184 498 | 1 060 629 | 496 085 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annan fisk1 | 32 600 | 29 554 | 266 768 | 229 524 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reke | 31 800 | 22 912 | 341 280 | 289 625 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skaldyr og skjel. |
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten.
1. halvår 2003. Tonn. 1 000 kroner |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 480 594 | 4 290 165 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fersk | 109 083 | 844 220 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frysing, farse, rogn1 | 357 118 | 1 480 589 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Henging | 28 832 | 274 319 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Salting, krydring, røyking2 | 133 760 | 933 441 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hermetisering | 971 | 11 427 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mjøl, olje, dyre-og fiskefôr | 848 059 | 745 553 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agn og annan bruk | 2 770 | 617 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skrelte reker. |
2 | Medrekna klippfisk. |
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61