Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mindre fisk til lågare prisar
Norske fiskarar fekk gjennomsnittleg 14 prosent mindre betalt per kilo fisk i 2003 samanlikna med førebelse tal for året før. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien 8, 8 milliardar kroner i 2003, mot snautt 11 milliardar i 2002. Norske båtar leverte om lag 2, 5 millionar tonn fisk-7 prosent mindre enn året før.
Bortsett frå kolmule, hyse og sei har fangsten gått ned for dei aller fleste fiskslaga. Mellom anna har fangstane av industrifisk (utanom kolmule) gått kraftig ned.
488 000 tonn torsk, hyse og sei
Fangstmengda for hyse og sei auka med respektive 9 og 6 prosent, medan førstehandsverdien sank med 25 prosent for hyse og 13 prosent for sei. Torskefisket gjekk ned med om lag 10 prosent til 217 000 tonn i 2003, og førstehandsverdien gjekk ned frå 2,8 milliardar til 2,3 milliardar. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske fartøy på russisk kvote.
Sildefangsten hadde ein nedgang på berre 1 prosent frå 2002 til 2003, men samanlikna med 1999 var nedgangen på 33 prosent. Fangstverdien på silda gjekk ned frå 2,0 milliardar i 2002 til 1,4 milliardar kroner i 2003, ein nedgang på 30 prosent. Silda utgjorde 22 prosent av den totale fangstmengda og 16 prosent av fangstverdien.
Fangsten av torsk og skrei tilsvara 9 prosent av total fangstmengd, og heile 26 prosent av total førstehandsverdi, og er det viktigaste fisket når det gjeld verdi. For kolmule er dei tilsvarande tala 33 prosent av fangstmengda og 8 prosent av førstehandsverdien.
Den største delen av fangsten, 44 prosent, gjekk med til produksjon av mjøl, olje og dyrefôr. All fangsten av augepål, kolmule, tobis og om lag ¾ av loddefangstane går til denne produksjonen. Den ferske fisken utgjorde 11 prosent av fangsten, medan 36 prosent gjekk til frysing og farse.
Utanlandske fartøy leverte 375 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2003. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,7 milliardar kroner.
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 20. januar 2004.
Tabeller:
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61