Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Stabil fiskefangst
Norske fartøy leverte 1,4 millionar tonn fisk og skaldyr første halvår i år. Dette er om lag det same som første halvår 2003. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien av fisket 4,9 milliardar kroner, ein auke på 14 prosent frå same periode i fjor. Dette går fram av førebelse tal per 16. august.
Størst auke har det vore i fangstane av sild og hyse, medan fangstane av uer, lodde og augepål har hatt nedgang.
Det blei fiska 262 tusen tonn sild i første halvår 2004. Dette er ein auke på 42 prosent samanlikna med første halvår 2003. Førstehandsverdien gjekk opp til 664 millionar kroner. Sildefangstane utgjorde 18 prosent av den totale fangstmengda og 14 prosent av total førstehandsverdi.
Torskefangsten gjekk opp med 8 prosent til 175 tusen tonn. Førstehandsverdien steig frå 1,6 milliardar kroner til om lag 2 milliardar kroner. Dette tilsvarar 12 prosent av den totale fangstmengda og 41 prosent av total førstehandsverdi. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote.
Fangsten av kolmule var om lag det same som første halvår 2003 og utgjorde 49 prosent av den samla fangstmengda.
Av den totale fangstmengda gjekk 53 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde
22 prosent og 11 prosent av fangsten blei salta.
Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga.
1. halvår 2003-2004 |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2003* | 2004* | 2003* | 2004* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 480 594 | 1 433 928 | 4 290 165 | 4 889 080 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Torsk | 161 429 | 174 643 | 1 625 597 | 2 014 321 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hyse | 25 502 | 34 401 | 174 105 | 205 838 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lange | 8 303 | 7 931 | 86 558 | 95 519 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sei | 115 999 | 123 553 | 431 846 | 491 934 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Blåkveite | 5 300 | 8 117 | 73 031 | 142 292 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Uer | 10 744 | 7 359 | 51 254 | 49 013 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lodde | 172 698 | 13 636 | 195 943 | 13 201 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Augepål | 5 773 | 4 152 | 4 444 | 3 311 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kolmule | 717 405 | 698 887 | 615 623 | 573 153 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tobis | 20 477 | 40 888 | 16 530 | 37 531 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sild | 184 498 | 261 806 | 496 085 | 663 456 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annan fisk1 | 29 554 | 32 390 | 229 524 | 248 419 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reke | 22 912 | 26 169 | 289 625 | 351 093 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skaldyr og skjel. |
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av
fangsten. 1. halvår 2004 |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 433 928 | 4 889 080 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fersk | 168 976 | 1 107 759 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frysing, farse, rogn1 | 314 086 | 1 652 489 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Henging | 26 784 | 276 394 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Salting, krydring, røyking2 | 158 454 | 1 207 087 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hermetisering | 683 | 6 974 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mjøl, olje, dyre- og fiskefor | 761 668 | 636 059 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Agn og annan bruk | 3 277 | 2 319 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skrelte reker. |
2 | Medrekna klippfisk. |
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61