20196_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20196
Høgare prisar - same fangstmengd
statistikk
2005-02-08T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2004, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgare prisar - same fangstmengd

Norske fiskarar fekk utbetalt 15 prosent meir i førstehandsverdi i 2004 samanlikna med førebelse tal for året før. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien 10,1 milliardar kroner, mot 8,8 milliardar kroner i 2003. Norske båtar leverte 2, 5 millionar tonn fisk - om lag det same som året før.

Total fangstmengd og -verdi. 1994-2004

Fangstane for viktige fiskeslag som sild, torsk og hyse gjekk opp. Kolmulefangstane auka med 13 prosent, medan fangstane av annan industrifisk har gått ned. Mellom anna har fangstane av lodde gått kraftig ned.

613 000 tonn sild

Sildefangsten hadde ein oppgang på 10 prosent frå 2003 til 2004. Fangstverdien auka frå 1,4 milliardar i 2003 til 2 milliardar kroner i 2004, ein oppgang på 43 prosent. Silda utgjorde 25 prosent av den totale fangstmengda og 20 prosent av fangstverdien.

497 000 tonn torsk, hyse og sei

Fangstmengda for hyse og torsk auka med respektive 9 og 4 prosent, og førstehandsverdien gjekk opp med 8 prosent for hyse og 16 prosent for torsk. Seifisket gjekk ned med om lag 2 prosent til 207 000 tonn i 2004, medan førstehandsverdien gjekk opp med 3 prosent. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske fartøy på russisk kvote.

Fangstmengd, etter fiskeslag. 2004*. Prosent

Fangstverdi, etter fiskeslag. 2004*. Prosent

Fangsten av torsk og skrei tilsvara 9 prosent av total fangstmengd, men heile 26 prosent av total førstehandsverdi, og er det viktigaste fisket når det gjeld verdi. For kolmule er dei tilsvarande tala 38 prosent av fangstmengda og 8 prosent av førstehandsverdien.

Den største delen av fangsten, 43 prosent, gjekk med til produksjon av mjøl, olje og dyrefôr.

All fangsten av augepål, kolmule, tobis og om lag ¾ av loddefangstane går til denne produksjonen.

Fersk fisk utgjorde 10 prosent av fangsten, medan 37 prosent gjekk til frysing og farse.

Utanlandske fartøy leverte 265 tusen tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2004. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,6 milliardar kroner.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 21. januar 2005.

Tabeller: