20194_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20194
Lita endring i fiskefangsten
statistikk
2005-09-02T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2005, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lita endring i fiskefangsten

Norske fartøy leverte 1,5 millionar tonn fisk og skaldyr 1. halvår i år. Dette er om lag det same som 1. halvår 2004. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien av fisket 5,6 milliardar kroner, ein auke på 14 prosent frå same periode i fjor. Dette går fram av førebelse tal per 26. august.

Størst auke har det vore i fangstane av lodde, sild og sei, medan fangstane av augepål og tobis har hatt størst nedgang.

Fangstverdi, etter fiskeslag. 1. halvår 2005*. Prosent

Fangstmengd, etter fiskeslag. 1. halvår 2005*. Prosent

Det blei fiska 291 000 tonn sild i 1. halvår 2005. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med 1. halvår 2004. Førstehandsverdien gjekk opp til 1,1 milliardar kroner. Sildefangstane utgjorde 20 prosent av den totale fangstmengda og 20 prosent av total førstehandsverdi.

Torskefangsten gjekk ned med 5 prosent til 167 000 tonn. Førstehandsverdien steig frå 2 milliardar kroner til 2,1 milliardar kroner. Dette tilsvarar 11 prosent av den totale fangstmengda og 39 prosent av total førstehandsverdi. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote.

Fangsten av kolmule var om lag det same som 1. halvår 2004 og utgjorde 46 prosent av den totale fangstmengda.

Av den totale fangstmengda gjekk 48 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde 33 prosent og 9 prosent av fangsten blei salta.

Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga.
1. halvår 2004-2005
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
  2004* 2005* 2004* 2005*
I alt 1 433 928    1 464 323    4 889 080    5 582 680
Torsk  174 643  166 732 2 014 321 2 138 031
Hyse 34 401 35 474  205 838  270 397
Lange 7 931 8 024 95 519 96 424
Sei  123 553  135 391  491 934  633 811
Blåkveite 8 117 7 347  142 292  132 268
Uer 7 359 6 773 49 013 65 421
Lodde 13 636 63 403 13 201 82 143
Augepål 4 152 66 3 311 46
Kolmule  698 887  671 609  573 153  462 346
Tobis 40 888 17 342 37 531 13 748
Sild  261 806  290 518  663 456 1 086 086
Annan fisk1 32 390 34 320  248 419  248 649
Reke 26 169 27 324  351 093  353 312
1  Medrekna skaldyr og skjel.
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av
fangsten. 1. halvår 2005*
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
I alt 1 464 323    5 582 680
Fersk  120 434 1 013 291
Frysing, farse, rogn1  486 644 2 675 852
Henging 25 001  306 216
Salting, krydring, røyking2  126 171 1 086 379
Hermetisering  824 9 091
Mjøl, olje, dyre- og fiskefôr  700 377  491 187
Agn og annan bruk 4 872  663
1  Medrekna skrelte reker.
2  Medrekna klippfisk.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.