Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oppgang i sildefisket
Sildefangsten blei 21 prosent større i 2005 enn året før, og fangstverdien auka med 42 prosent til 2, 8 milliardar kroner. Silda utgjorde 25 prosent av total fangstverdi for norske fiskarar.
Norske fiskarar fekk utbetalt 11 prosent meir i førstehandsverdi i 2005 samanlikna med 2004. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien 11,5 milliardar kroner, mot 10,4 milliardar kroner året før. Norske båtar leverte 2,4 millionar tonn fisk, som er om lag 6 prosent lågare enn i 2004.
Torsk og skrei mest verdt
Seifisket gjekk opp med om lag 9 prosent til 229 000 tonn i 2005, og førstehandsverdien auka med 30 prosent. Fangstmengda for både torsk og hyse minka med 3 prosent, medan førstehandsverdien gjekk opp med respektive 6 og 14 prosent. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske fartøy på russisk kvote.
Fangsten av torsk og skrei tilsvara 9 prosent av total fangstmengd, men heile 26 prosent av total førstehandsverdi, og er det viktigaste fisket når det gjeld verdi. For kolmule er dei tilsvarande tala 31 prosent av fangstmengda og 5 prosent av førstehandsverdien.
Mykje til frysing
Den største delen av fangsten, 51 prosent, gjekk til frysing og farse. Fersk fisk utgjorde 8 prosent av fangsten, medan 32 prosent gjekk med til produksjon av mjøl, olje og dyrefôr. All fangsten av augepål, kolmule og tobis går med til denne produksjonen.
Utanlandske fartøy leverte 169 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2005. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,6 milliardar kroner.
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 23. januar 2006.
Tabeller:
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61