20190_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20190
Mindre fangst, auka fangstverdi
statistikk
2006-08-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre fangst, auka fangstverdi

Norske fartøy leverte 1,3 millionar tonn fisk og skaldyr i 1. halvår i år. Dette er 11 prosent mindre enn i 1. halvår 2005. Medrekna reker, skaldyr og skjel, utgjorde førstehandsverdien av fisket 5,9 milliardar kroner, ein auke på snautt 6 prosent frå same periode i fjor.

Førebelse tal for 1. halvår i år syner at det har vore ein nedgang i fangsten, samstundes som den har auka i verdi. Størst nedgang har det vore i fangstane av lodde, tobis og blåkveite, medan fangstane av brisling, augepål og sei har auka.

Fangstmengd, etter fiskeslag. 1. halvår 2006*. Prosent

Fangstverdi, etter fiskeslag. 1. halvår 2006*. Prosent

Torskefangsten gjekk ned med 7 prosent til 155 000 tonn. Førstehandsverdien steig frå 2,1 milliardar kroner til 2,2 milliardar kroner. Dette tilsvarar 12 prosent av den totale fangstmengda og 37 prosent av total førstehandsverdi. Medrekna i tala for torsk og hyse er også fisket frå norske båtar på russisk kvote.

Det blei fiska 289 000 tonn sild i 1. halvår 2006. Dette er om lag det same som i 1. halvår 2005. Førstehandsverdien sank med 12 prosent, til 960 millionar kroner. Sildefangstane utgjorde 22 prosent av den totale fangstmengda og 16 prosent av den totale førstehandsverdien.

Fangsten av kolmule gjekk ned med 13 prosent, til 585 000 tonn, og utgjorde 45 prosent av den totale fangstmengda.

Av den totale fangstmengda gjekk 47 prosent til mjøl, olje og dyrefôr, medan frosenfisken utgjorde 32 prosent, og 10 prosent av fangsten blei salta.

Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga. 1. halvår 2005-2006
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
  2005* 2006* 2005* 2006*
I alt                     1 464 323           1 309 425           5 582 680           5 894 039
Torsk  166 732  154 902 2 138 031 2 201 927
Hyse 35 474 28 026  270 397  263 867
Lange 8 024 8 350 96 424  107 367
Sei  135 391  149 667  633 811  897 487
Blåkveite 7 347 4 709  132 268 94 321
Uer 6 773 5 356 65 421 52 457
Lodde 63 403 1 557 82 143 2 238
Augepål 66 2 827 46 3 167
Kolmule  671 609  584 608  462 346  685 349
Tobis 17 342 5 814 13 748 6 993
Sild  290 518  289 219 1 086 086  960 382
Annan fisk1           34 320 52 091  248 649  305 993
Reke 27 324 22 300  353 312  312 489
1  Medrekna skaldyr og skjel.
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten.
1. halvår 2006*
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
I alt           1 309 425           5 894 039
Fersk  104 176 1 109 317
Frysing, farse, rogn1  421 954 2 428 472
Henging 26 278  340 530
Salting, krydring, røyking2  136 607 1 271 821
Hermetisering 16  202
Mjøl, olje, dyre-og fiskefor            618 008  742 951
Agn og annan bruk 2 387  748
1  Medrekna skrelte reker.
2  Medrekna klippfisk.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet og kjem ut kvart halvår.