Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Redusert fangst - uendra førstehandsverdi
I 2006 leverte norske båtar 2,2 millionar tonn fisk, 6 prosent mindre enn i 2005. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien 11,6 milliardar kroner, om lag det same som året før.
Sildefangsten minka med 5 prosent frå 2005 til 2006. Fangstverdien for silda gjekk ned med 22 prosent til 2,2 milliardar kroner. Silda utgjorde 19 prosent av total fangstverdi og 32 prosent av total fangstmengd.
Fangstmengda for torsk minka med 3 prosent, medan førstehandsverdien gjekk opp med 10 prosent. Fangsten av torsk tilsvara 10 prosent av total fangstmengd, men heile 28 prosent av total førstehandsverdi, og er det viktigaste fisket når det gjeld verdi.
Fangstmengda for hyse og sei auka med respektive 13 og 11 prosent, og førstehandsverdien gjekk opp med 47 prosent for hyse og 26 prosent for sei.
Fangsten av kolmule minka med 13 prosent, men utgjorde 29 prosent av den totale fangstmengda i 2006.
Den største delen av fangsten, 67 prosent, gjekk til konsum, medan 33 prosent av fangsten gjekk til industri. All fangsten av tobis, tilnærma all fangst av kolmule og augepål, og ein stor del av brislingfangstane gjekk til industri i 2006.
Utanlandske fartøy leverte 218 tusen tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2006. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,9 milliardar kroner.
Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 5. februar 2006.
tlf. 62 88 52 30.
Tabeller:
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61