Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fangstverdien aukar
Førstehandsverdien av fisket utgjorde 6,6 milliardar kroner i 1. halvår 2007, medrekna reker, skaldyr og skjel. Det er ein auke på 12 prosent frå den same perioden i fjor.
Denne utviklinga går fram av førebelse tal per 10. august.
Norske fartøy leverte 1,4 millionar tonn fisk og skaldyr 1. halvår i år. Dette er 6 prosent meir enn i 1. halvår 2006.
Størst auke har det vore i fangstane av sild, tobis og lodde, medan fangstane av kolmule, sei og brisling har minka.
Torskefangsten auka med nær 5 prosent til 162 000 tonn. Førstehandsverdien steig frå 2,2 milliardar kroner til 2,7 milliardar kroner, ein auke på 21 prosent frå 1. halvår 2006. Dette tilsvarar 12 prosent av den totale fangstmengda og 41 prosent av total førstehandsverdi.
Meir sild, men lågare verdi
Det blei fiska 359 000 tonn sild første halvår 2007. Dette er ein auke på 24 prosent samanlikna med første halvår 2006. Førstehandsverdien sank med 9 prosent, til 878 millionar kroner. Sildefangstane utgjorde 26 prosent av den totale fangstmengda og 13 prosent av total førstehandsverdi.
Fangsten av kolmule gjekk ned med 12 prosent, til 514 000 tonn, og utgjorde 37 prosent av den totale fangstmengda.
Av den totale fangstmengda gjekk 52 prosent til konsum, medan 48 prosent gjekk til industri. Tilnærma all fangst av kolmule og tobis og 18 prosent av sildefangsten gjekk til industri i første halvår 2007.
Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga.
1. halvår 2006-2007 |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2006* | 2007* | 2006* | 2007* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 309 425 | 1 385 943 | 5 894 039 | 6 605 688 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Torsk | 154 902 | 162 088 | 2 201 927 | 2 673 426 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hyse | 28 026 | 37 951 | 263 867 | 416 391 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lange | 8 350 | 9 101 | 107 367 | 113 821 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sei | 149 667 | 139 073 | 897 487 | 820 092 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Blåkveite | 4 709 | 3 633 | 94 321 | 64 621 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Uer | 5 356 | 4 870 | 52 457 | 36 788 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lodde | 1 557 | 40 598 | 2 238 | 93 126 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Augepål | 2 827 | 1 432 | 3 167 | 1 879 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kolmule | 584 608 | 513 702 | 685 349 | 820 850 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tobis | 5 814 | 51 134 | 6 993 | 77 319 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sild | 289 219 | 358 646 | 960 382 | 877 827 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annan fisk1 | 52 091 | 47 330 | 305 993 | 323 581 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reke | 22 300 | 16 385 | 312 489 | 285 969 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skaldyr og skjel. |
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av
fangsten. 1. halvår 2007* |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 385 943 | 6 605 688 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsum | 719 826 | 5 531 045 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mjøl og olje | 659 697 | 1 071 983 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dyrefôr, fiskefôr, agn og anna | 6 419 | 2 660 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61