Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Meir fisk - lågare prisar
Norske fartøy leverte 4 prosent meir fisk og skaldyr første halvår i år enn dei gjorde i den same perioden i fjor. Fordi prisane var lågare enn i tilsvarande periode i fjor, gjekk førstehandsverdien ned.
Førebelse tal syner at norske fartøy leverte over 1,4 millionar tonn fisk og skaldyr første halvår i år, ein auke på vel 4 prosent frå første halvår 2007. Størst auke har det vore i fangstane av sild og tobis, medan fangstane av kolmule og reke har minka.
Meir omsatt fisk har ikkje ført til høgare førstehandsverdi. På grunn av lågare prisar gjekk førstehandsverdien av fisket ned med 7 prosent, til 6,1 milliardar kroner samanlikna med same perioden i fjor.
Det blei fiska 482 000 tonn sild første halvår 2008. Dette er ein auke på 34 prosent samanlikna med første halvår 2007. Førstehandsverdien auka med 10 prosent, til 963 millionar kroner. Sildefangstane utgjorde 33 prosent av den totale fangstmengda og 16 prosent av den totale førstehandsverdien.
Torsk er den viktigaste arten målt i førstehandsverdi. Førstehandsverdien steig med 3 prosent, til 2,8 milliardar kroner i første halvår 2008. Fangsten var på 162 000 tonn, om lag det same som første halvår 2007, og tilsvarar 11 prosent av den totale fangstmengda og 45 prosent av den totale førstehandsverdien.
Fangsten av kolmule gjekk ned med 23 prosent, til 398 000 tonn, og utgjorde 27 prosent av den totale fangstmengda.
Av den totale fangstmengda gjekk 61 prosent til konsum, medan 39 prosent gjekk til industri. Tilnærma all fangst av tobis, 92 prosent av kolmule og 13 prosent av sildefangsten gjekk til industri i første halvår 2008.
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2007* | 2008* | 2007* | 2008* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 1 385 943 | 1 447 444 | 6 605 688 | 6 142 732 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Torsk | 162 088 | 161 642 | 2 673 426 | 2 751 211 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Hyse | 37 951 | 37 788 | 416 391 | 323 640 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lange | 9 101 | 9 613 | 113 821 | 110 188 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sei | 139 073 | 137 105 | 820 092 | 774 208 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Blåkveite | 3 633 | 3 109 | 64 621 | 48 202 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Uer | 4 870 | 3 086 | 36 788 | 23 309 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Lodde | 40 598 | 39 927 | 93 126 | 95 364 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Augepål | 1 432 | 2 139 | 1 879 | 1 931 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kolmule | 513 702 | 397 728 | 820 850 | 400 153 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tobis | 51 134 | 81 553 | 77 319 | 94 434 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sild | 358 646 | 481 814 | 877 827 | 962 814 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Annan fisk1 | 47 330 | 80 104 | 323 581 | 330 738 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Reke | 16 385 | 11 832 | 285 969 | 226 535 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Medrekna skaldyr og skjel. |
Tonn rund vekt | 1 000 kroner | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt | 1 447 444 | 6 142 732 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Konsum | 876 793 | 5 562 016 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mjøl og olje | 561 118 | 559 178 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dyrefôr, fiskefôr, agn og anna | 9 532 | 21 539 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Kontakt
-
Anne Turi Baklien
E-post: anne.turi.baklien@ssb.no
tlf.: 48 24 45 30
-
Terje Olav Rundtom
E-post: terje.olav.rundtom@ssb.no
tlf.: 91 38 60 61