Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Store endringar dei siste ti åra
Hovudfunna frå hagebruksundersøkinga viser store endringar dei siste ti åra. Talet på bedrifter med hagebruksproduksjon går sterkt ned, areala av grønsaker på friland aukar, og stadig meir arbeid vert utført av utanlandsk arbeidskraft.
Hagebruksproduksjonen i Noreg står for rundt 15 prosent av produksjonsinntektene i norsk landbruk, medan arealet utgjer litt over 1 prosent av alt areal i drift. Hagebruksundersøkinga vart gjennomført saman med Landbruksteljing 2010.
Auke i grønsaksarealet
Arealet av grønsaker på friland har auka gjennom heile 2000-talet, og er no 71 500 dekar. Dette er 13 000 dekar meir enn i 1999. Areal av frukt har gått tilbake med 20 prosent, medan arealet av bær og veksthus viser små endringar.
Talet på bedrifter viser ei anna utvikling etter 1999. No er det i alt 3 000 bedrifter, ein nedgang på 40 prosent. Talet på bærdyrkarar har blitt halvert, veksthusprodusentar og fruktdyrkarar har blitt redusert med vel ein tredel, medan 4 av 10 produsentar av frilandsgrønsaker har gitt seg etter 1999.
Størst grønsaksareal i Vestfold
Ein firedel, 19 000 dekar, av landets grønsaksareal ligg i Vestfold. Buskerud er nummer to med kring 11 000 dekar1. I Hordaland finn ein 8 000 av landets 22 000 dekar med frukttre. Dette gjer Hordaland til meir enn dobbelt så stort som nummer to, Sogn og Fjordane, som har 3 500 dekar. Rogaland har mest veksthusareal, og ein tredel av eit totalareal på 2 000 dekar ligg her. Nummer to på lista er Buskerud, med 250 dekar veksthus.
Produksjon av blomster i veksthus blir stadig meir viktig, og målt i timeverk står blomsterproduksjonen for nesten to tredelar av arbeidsinnsatsen i veksthusa.
Utanlandsk arbeidskraft viktig
Utanlandsk arbeidskraft blir stadig meir viktig. I 1999, då SSB for første gong kartla bruken av utanlandsk arbeidskraft i hagebruket, stod utlendingane for 18 prosent av arbeidsinnsatsen. I 2009/2010 utførte denne gruppa av arbeidarar 2 200 årsverk, eller litt over 40 prosent1 av den samla arbeidsinnsatsen. Utanlandsk arbeidskraft står for over halvparten av arbeidsinnsatsen i produksjon av grønsaker. 55 prosent av timeverka brukt til produksjon av grønsaker i veksthus, og 62 prosent av frilandsproduksjonen vert utført av utlendingar. Utanlandsk arbeidskraft i frukt- og bærproduksjon utfører mest arbeid, med 1 300 årsverk. Det svarer til litt mindre enn halvparten av den samla innsatsen i frukt- og bærdyrking.
Fleire resultatI samband med Landbruksteljing 2010 er det tidlegare gitt ut meldingar om arbeidsinnsats med vidare og utvikling i talet på jordbruksbedrifter og areal i drift. Desse meldingane finn du ved å klikke på fanen ”Tidlegare publisert".
I juni 2011 vil dei første endelege tala bli publisert. Desse tala vil òg vere tilgjengelege på kommunenivå. |
1 | Tall rettet 22. mars 2011 |
Tabeller:
- Tabell 1 Bedrifter med ulike greiner av hagebruk, etter fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 2 Hagebruksareal i alt, areal med grønsaker på friland, frukttre, bær, veksthus og planteskule, etter fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010. Dekar
- Tabell 3 Arbeidsinnsats i hagebruk, og arbeidsinnsats utført av utanlandsk arbeidskraft, etter ulike greiner av hagebruk og fylke. 19982
- Tabell 4 Arbeidsinnsats i hagebruk i alt og i ulike greiner av hagebruket utført av utanlandsk arbeidskraft, etter fylke. 1998/99 og 2009/10. Prosent
- Tabell 5 Bedrifter og areal av grønsaker på friland, etter storleiken på grønsakarealet og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 6 Bedrifter med frukt, etter fruktart, fylke og fruktareal. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 7 Areal med frukt, etter art, fylke og areal. 1979, 1989, 1999 og 2010. Dekar
- Tabell 8 Bedrifter og areal med frukt, etter storleiken på fruktarealet og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 9 Bedrifter med bær på friland, etter art og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010
- Tabell 10 Areal med bær på friland, etter art og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010. Dekar
- Tabell 11 Bedrifter med veksthus og veksthusareal, etter storleiken på veksthusarealet og fylke. 1979, 1989, 1999 og 2010
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76