Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mange driv med andre landbruksbaserte næringar
Godt over halvparten av jordbruksbedriftene arbeider med andre landbruksnæringar, til dømes leigekøyring, i tillegg til tradisjonell jordbruksdrift. Arbeidsinnsatsen i desse andre næringane utgjer 4 000 årsverk i jordbruksbedriftene.
Nesten seks av ti jordbruksbedrifter driv med andre næringar basert på jordbruksbedrifta sine ressursar i tillegg til tradisjonell jordbruksdrift. Arbeidsinnsatsen i desse andre næringane utgjer 4 000 årsverk av i alt 56 700 årsverk som vert utførte på jordbruksbedriftene. Leigekøyring er den næringa med flest utøvarar, men òg utleige av jakt- og fiskerett er viktig.
Dette er dei første endelege resultata frå den fullstendige landbruksteljinga i 2010. Med unntak av arbeidsinnsats, er det berre mindre endringar mellom førebelse og endelege tal.
Sterk nedgang i arbeidsinnsatsen
I alt vart det utført arbeidsinnsats tilsvarande 51 200 årsverk i jord- og hagebruk. Dette er ein nedgang på 30 800 årsverk sidan 1999. Bruken av innleigd arbeidskraft har auka, og arbeidsinnsatsen til brukar og ektemake utgjer ein mindre del av arbeidsinnsatsen i 2010 enn i 1999. I 2010 stod brukar med ektefelle/sambuar for 64 prosent av arbeidsinnsatsen i jord- og hagebruk, familie for 11 og andre for 25 prosent. I 1999 var tilsvarande tal 76, 11 og 13 prosent.
Over halvparten av jordbruksbedriftene har mindre enn 1 årsverk i jord- og hagebruk. Dette er ein litt større del enn i 1999. 14 prosent av jordbruksbedriftene i 2010 utførte 2 årsverk eller meir. Dette er knapt 3 prosenteiningar mindre enn i 1999.
Dei endelege tala for arbeidsinnsats i jord- og hagebruk viser 3 000 færre årsverk enn dei førebelse tala som vart publiserte i desember 2010. Dei førebelse tala var baserte på eit utval av jordbruksbedrifter.
Husdyrgjødsel på 3,7 millionar dekar
Husdyrgjødsla er ein viktig ressurs i jordbruket. Det er blautgjødsel som dominerer, og i 2009/2010 vart det spreidd gjødsel på nesten 3,4 millionar dekar. Det meste vart spreidd på fulldyrka eng (2,6 millionar dekar) og på areal til korn- og oljevekstar (0,5 millionar dekar). Fast gjødsel vart spreidd på 0,4 millionar dekar, òg hovudsakleg på eng og korn- og oljevekstarealet. For å oppnå best nytte av husdyrgjødsla og redusere utslepp til luft, er det viktig at gjødsla vert nedmolda raskt etter spreiing. På 59 prosent av det gjødsla arealet av korn- og oljevekstar vart gjødsla nedmolda innan 4 timar.
8 prosent av jordbruksarealet treng drenering
21 100 av jordbruksbedriftene har rapportert om at delar av jordbruksarealet har behov for drenering. I alt vart det gitt opp at 812 000 dekar, eller kring 8 prosent av alt jordbruksareal, har behov for drenering. Dreneringsbehovet fordeler seg likt mellom eige areal og leigd areal.
15 400 bedrifter har drenert 311 000 dekar i perioden 2006-2010. Tre fjerdedelar av det som vart drenert, var eige areal, medan 75 800 dekar var leigd areal. Resultata viser altså at det er små skilnader mellom dreneringsbehov for ått og leigd areal, medan det er mest ått areal som vert drenert.
Eldre eng
44 prosent av det fulldyrka engarealet var nyare enn 5 år. I 1999 var over 50 prosent yngre enn 5 år. Den delen av enga som er 10 år eller eldre, har auka med 95 000 dekar og utgjer no 25 prosent av det totale engarealet mot knapt 22 prosent i 1999.
Fleire resultatUtviklinga i talet på jordbruksbedrifter, husdyr og bruk av jordbruksarealet er gitt i eigen statistikk for strukturen i jordbruket . Fleire og meir detaljerte resultat på kommunenivå finst i Statistikkbanken. Fleire resultat vert gitt etter sommaren og utover hausten. Registerdata vil bli kopla til skjema etter kvart som dei vert tilgjengelege. |
Tabeller:
- Tabell 1 Arbeidsinnsats i jordbruk, skogbruk og andre tilleggsnæringar på jordbruksbedrifter, etter fylke og jordbruksareal i drift. 1 000 timeverk. 1998/99 og 2009/10
- Tabell 2 Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk, etter kven som utførte arbeidet og fylke og jordbruksareal i drift. 1 000 timeverk. 1998/99 og 2009/10
- Tabell 3 Jordbruksbedrifter etter talet på årsverk i jord- og hagebruk, fylke og jordbruksareal i drift. 1998/99 og 2009/10
- Tabell 4 Arbeidsinnsats i jordbruk etter fylke og jordbruksareal i drift. 1 000 timeverk. 2009/2010
- Tabell 5 Jordbruksbedrifter med tilleggsnæringar, etter fylke og jordbruksareal i drift. 1998/99 og 2009/10
- Tabell 6 Jordbruksareal som vart tilført husdyrgjødsel minst ein gong, etter fylke og jordbruksareal i drift. 2009/10. Dekar
- Tabell 7 Areal av fulldyrka eng etter alder på eng, fylke og jordbruksareal i drift. 2010
- Tabell 8 Jordbruksbedrifter som har drenert siste fem år, etter fylke og jordbruksareal i drift. 2010
- Tabell 9 Jordbruksbedrifter og jordbruksareal med dårlig drenert areal, etter fylke og jordbruksareal i drift. 2010
- Tabell 10 Jordbruksbedrifter med vatningsanlegg, areal som kan vatnast og areal vatna siste 12 månader, etter fylke og jordbruksareal i drift. Dekar. 1999 og 2010
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Cathrine Gran Øverby
E-post: cathrine.overby@ssb.no
tlf.: 40 85 46 03
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76