205260_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/aar-endelige
205260
Halvparten dreiv med tilleggsnæringar
statistikk
2015-02-09T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Statistikken gir oversikt over arbeidsinnsatsen i jordbruket og i tilleggsnæringene. Hver annen jordbruksbedrift arbeider med andre landbruksbaserte næringer.

Landbruksundersøkinga2012/2013, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Halvparten dreiv med tilleggsnæringar

Annankvar jordbruksbedrift arbeider med andre landbruksbaserte næringar, til dømes leigekøyring, i tillegg til tradisjonell jordbruksdrift. Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringane utgjer likevel berre 6 prosent av den totale arbeidsinnsatsen i landbruket.

Arbeidsinnsats i jordbruket
 20102013Endring i prosent 2010-2013
Jordbruksbedrifter, antall46 62443 726-6,2
Arbeidsinnsats, 1000 timeverk94 53888 145-6,8
Gjennomsnittlig arbeidsinnsats per jordbruksbedrift, timeverk/jordbruksbedrift2 0282 016-0,6

Godt over halvparten av jordbruksbedriftene driv - i tillegg til tradisjonell jordbruksdrift - med andre næringar som er baserte på ressursane i jordbruksbedrifta. Leigekøyring er næringa med flest utøvarar, og om lag 9 900 einingar held på med dette. Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringar utgjer 6,1 millionar timar av i alt 96,6 millionar timeverk som vert utførte på jordbruksbedriftene.

Tilleggsnæringar lite tidkrevjande

Fleire av næringane som fell inn under omgrepet tilleggsnæringar, krev liten eller ingen arbeidsinnsats, til dømes utleige av jakt- og fiskerett eller bortleige av bygningar og jordbruksareal. Mange jordbruksbedrifter driv innanfor desse næringane, noko som gjev eit høgt tal på bedrifter med tilleggsnæringar, men som i liten grad påverkar den totale arbeidsinnsatsen i landbruket.

Færre utførte timeverk

I alt vart det utført 96,6 millionar timeverk på jordbruksbedriftene i perioden 1. mars 2012 – 28. februar 2013. Av den samla arbeidsinnsatsen blei 88,1 millionar timeverk utførte i jord- og hagebruk, 2,4 millionar timeverk i skogbruk og 6,1 millionar i tilleggsnæringar. Innanfor jord- og hagebruk gjekk arbeidsinnsatsen ned med 6,4 millionar timeverk frå 2009/2010 til 2012/2013. Gjennomsnittleg vart det arbeidd drygt 2 000 timar per bedrift innanfor jord- og hagebruk i 2012/2013. Endelege tal for arbeidsinnsats i jord- og hagebruk skil seg lite frå førebelse tal.

2,3 traktorar per bedrift

Det var i alt 93 100 firehjulstraktorar på jordbruksbedriftene i 2013, mot 114 100 i 2005. Sjølv om talet på jordbruksbedrifter har gått ned, har talet på traktorar per jordbruksbedrift likevel auka litt frå 2005 til 2013. I gjennomsnitt var det 2,3 firehjulstraktorar per jordbruksbedrift i 2013, mot 2,2 i 2005 og 2,0 i 1999. Berre traktorar som jordbruksbedrifta eig eller leaser åleine eller saman med andre, er rekna med.

Mindre areal som kan vatnast

I 2013 hadde i alt 6 100, eller 14 prosent av jordbruksbedriftene, vatningsanlegg. Dette er ein nedgang på 4 prosentpoeng frå 1999. Arealet som kunne vatnast på desse jordbruksbedriftene, utgjorde nær 898 000 dekar, eller 9 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2013. Tilsvarande tal frå 1999 var 1 344 000 dekar, eller 13 prosent. I 2012 vart drygt 195 000 dekar av jordbruksarealet vatna minst ein gong med vatningsanlegg.