240801_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/aar-endelige
240801
Stor variasjon i jordleigeprisane
statistikk
2016-01-14T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Leiejord. Antall driftsbygninger i jordbruket.

Landbruksundersøkinga2014, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor variasjon i jordleigeprisane

Leige av jordbruksareal er aukande. Leigeprisen per dekar jordbruksareal auka med 12 prosent i perioden frå 1999 til 2013, rekna i 2013-kroner. Leigeprisen varierer stort mellom fylka.

Dei endelege tala frå Landbruksundersøkinga 2014 viser berre små endringar samanlikna med dei førbelse tala som blei publisert i januar 2015. I 2013 var 4,3 millionar dekar, eller 43 prosent av alt jordbruksareal, leigejord. Til samanlikning utgjorde leigejorda 31 prosent i 1999. I 2013 blei 60 prosent av leigearealet forsynt med skriftleg kontrakt. I heile landet sett under eitt blei nær halvparten av arealet med skriftleg kontrakt leigd med avtale på ti år eller meir.

Auke i jordleigeprisane

I alt blei det betalt jordleige for 72 prosent av leigearealet i 2013. Gjennomsnittleg pris for areal det ble betalt leige for, var 234 kroner per dekar.Det er ei auke på 12 prosent frå 1999 rekna i 2013-kroner. I denne prisen inngår fulldyrka areal, overflatedyrka areal, innmarksbeite og areal ute av drift. Fordelt etter fylke varierer gjennomsnittsprisen stort, frå 362 kroner per dekar i Vestfold til 65 kroner i Troms og 66 kroner i Finnmark.

Større driftsbygningar

Det blei registrert 74 200 driftsbygningar i bruk på norske gardsbruk i 2013, og den samla grunnflata til desse bygningane var 23,9 millionar kvadratmeter. Det gir ein gjennomsnittleg storleik på 323 kvadratmeter, om lag 100 kvadratmeter større enn i 1999.

Meir lausdrift

I kufjøs brukt til mjølkeproduksjon var fordelinga mellom kuplassar i bås- og lausdriftsfjøs respektive 54 og 46 prosent. Til samanlikning utgjorde kuplassar i båsfjøs 91 prosent i 1999. Om lag 15 prosent av alle jordbruksbedrifter med mjølkeproduksjon hadde skaffa mjølkerobot i 2013. Omkring 8 400 jordbruksbedrifter hadde tørkeanlegg for korn, og tre firedelar av dei hadde vore i bruk siste tre år. Talet på bedrifter med tørkeanlegg for høy var 6 400, og av desse tørkeanlegga hadde 62 prosent vore i bruk siste tre år.