20398_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20398
Auke i kjøtproduksjonen
statistikk
1999-09-09T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon1. halvår 1999, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i kjøtproduksjonen

Det blei kontrollert 123 400 tonn kjøt i 1. halvår i år. Dette er ein auke på 6 400 tonn, eller 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Størst auke er det for sauekjøt med 11 prosent, svinekjøt 7 prosent og fjørfekjøt 6 prosent .

Produksjon av storfekjøt auka med 1 600 tonn, eller 3 prosent, frå 1. halvår 1998 til 1. halvår i år. Kvige- og oksekjøt utgjorde det meste av auken, medan slakting av ku og kalv viste ein liten nedgang. I alt vart det kontrollert 49 200 tonn storfekjøt i 1. halvår i år. Dette utgjorde 40 prosent av alt kontrollert slakt.

Av det kontrollerte slaktet i 1. halvår i år utgjorde svin 44 prosent og fjørfe 13 prosent.

Samanlikna med 1. halvår 1995 har kjøtproduksjonen gått opp med i alt 15 000 tonn. Dette svarar til ein auke på 12 prosent. Sauekjøt auka i denne perioden med 500 tonn eller 17 prosent. For svinekjøt auka slaktemengden med 8 100 tonn, medan slakt av fjørfe auka med 2 000 tonn. Dette gir ein auke på 15 prosent for svinekjøt og 12 prosent for fjørfekjøt.

Tabeller: