Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordhøg kjøtproduksjon i 1999
Kjøtproduksjonen har auka jamt på heile 90-talet. Førebels tal syner at den offentlege kjøtkontrollen i 1999 kontrollerte 266 000 tonn kjøt. Dette er ein auke på 11 000 tonn frå året før. Sidan 1990 har samla kjøtproduksjon auka med 55 300 tonn, eller 26 prosent.
Av det kontrollerte slaktet i fjor utgjorde svinekjøt 109 100 tonn, storfekjøt 95 300 tonn og fjørfekjøt 36 300 tonn. Samanlikna med 1998 har det vore ein auke i slakt av storfe, svin og fjørfe. For sau har det vore ein nedgang i slaktemengda frå 1998 til 1999 på knappe 2 prosent.
I 1999 utgjorde fjørfe 14 prosent av alt kontrollert kjøt, mot 9 prosent i 1990. I same perioden auka prosentdelen svinekjøt svakt, frå 40 til 41 prosent. Storfekjøtet sin del av den totale kjøtproduksjonen sank frå 39 prosent i 1990 til 36 prosent i 1999, og prosentdelen sauekjøt minka frå 11 til 9 prosent.
I perioden frå 1990 til 1999 har mengda av fjørfe- og svinekjøt auka relativt mest med 16 800 tonn (86 prosent) og 25 800 tonn (31 prosent). For storfekjøt har det vore ein auke på 17 prosent, medan slakt av sauekjøt lå på om lag same nivå i 1990 og 1999.
Tabeller:
- Tabell 1 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tal dyr
- Tabell 2 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tonn
- Tabell 3 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyreslag. Tal dyr
- Tabell 4 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyrelag. Tonn
- Tabell 5 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Gjennomsnittsvekt. Kg
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40