Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i produksjonen av fjørfe- og sauekjøt
261 000 tonn kjøt vart kontrollert i 2002, ein nedgang på 500 tonn i høve til 2001. Det vart registrert nedgang i produksjonen av svinekjøt, medan slakt av fjørfe og sau auka.
Svinekjøt utgjorde 40 prosent, storfekjøt 33 prosent, fjørfekjøt 18 prosent og sauekjøt 10 prosent av den totale kjøtproduksjonen i 2002. Samanlikna med året før har det vore ein auke i slaktemengda av fjørfekjøt med 3 700 tonn, eller 8 prosent, og sauekjøt med 700 tonn, eller 3 prosent. For produksjon av svinekjøt har det vore ein nedgang på 4 prosent i høve til 2001, medan slakt av storfe var om lag den same som året før.
Slakt av kylling auka mest
45 900 tonn fjørfekjøt vart kontrollert i 2002. Av dette utgjorde kylling 82 prosent, kalkun 11 prosent og høns 6 prosent. Produksjon av kyllingkjøt auka med 10 prosent frå året før. I løpet av fem år har produksjonen auka med 44 prosent.
Mest slakt av sau om hausten
Om hausten er det slaktsesong for sau, og i 2002 vart 91 prosent av alt slakta i 3. og 4. kvartal. Det vart også slakta meir svin i 2. halvår enn i 1. halvår, medan slaktinga av fjørfe var størst i 2. og 4. kvartal.
Tabeller:
- Tabell 1 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tal dyr
- Tabell 2 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tonn
- Tabell 3 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyreslag. Tal dyr
- Tabell 4 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyreslag. Tonn
- Tabell 5 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Gjennomsnittsvekt. Kg
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40