Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i produksjonen av fjørfekjøt
283 400 tonn norsk kjøt passerte den offentlege kjøtkontrollen i 2005. Det er ein auke på 2 100 tonn i høve til året før. Det var særleg produksjonen av fjørfekjøt som auka.
Det blei kontrollert 56 500 tonn fjørfekjøt i 2005, ein auke på 2 200 tonn eller 4 prosent samanlikna med 2004. Mengda av storfekjøt auka med 800 tonn til 87 400 tonn i 2005. For svine- og sauekjøt var det ein svak nedgang i slaktemengda.
Av den totale kjøtproduksjonen på 283 400 tonn utgjorde svinekjøt 40 prosent og storfekjøt 31 prosent: Slakt av fjørfe utgjorde 20 prosent av den totale slaktemengda i 2005. For fem år sidan stod fjørfekjøt for 16 prosent av total slaktemengd, medan svinekjøt utgjorde 42 prosent.
Rogaland dominerer
Vel ein femtedel av alt kjøtet blei produsert i Rogaland i fjor, følgd av Nord-Trøndelag og Hedmark med respektive 12 og 11 prosent av totalproduksjonen. Rogaland auka delen sin av den totale kjøtproduksjonen frå 19 prosent i 2001 til 21 prosent i 2005. Rogaland hadde den klart høgaste produksjonen av alle kjøtslaga i 2005 med unnatak av fjørfe, der Østfold og Hedmark var dei leiande fylka. Rogaland stod for 17 prosent av all produksjon av storfekjøt, 27 prosent av svinekjøtproduksjonen og 20 prosent av produksjonen av sauekjøt i 2005. 16 prosent av fjørfekjøtet blei produsert i Rogaland, medan Østfold og Hedmark stod for respektive 22 og 21 prosent av denne produksjonen i 2005.
Tabeller:
- Tabell 1 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tonn
- Tabell 2 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Tal dyr
- Tabell 3 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyreslag. Tal dyr
- Tabell 4 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat av ulike dyreslag. Tonn
- Tabell 5 Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Gjennomsnittsvekt. Kg
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40