Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
9,8 milliardar kroner til kultur
Kommunane i Noreg brukte i gjennomsnitt 1 921 kroner per innbyggjar til kulturformål i 2013. Til saman utgjorde det 9,8 milliardar. Dette er ein auke frå 2012 på 4 prosent.
2012 | 2013 | |
---|---|---|
Millionar kroner | ||
Kommunanes netto driftsutgifter til kultur, konsern | 9 390 | 9 814 |
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultur, konsern | 1 258 | 1 328 |
Kroner | ||
Kommunanes netto driftsutgifter til kultur per innbyggjar, konsern | 1 859 | 1 921 |
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultur per innbyggjar, konsern | 249 | 260 |
Kultur-KOSTRA omfattar utgifter til kulturformål i kommunane og fylkeskommunane. Frå 2012 til 2013 har både kommunane og fylka hatt ein auke i netto driftsutgifter. Fylkeskommunane har brukt den same delen av dei totale netto driftsutgiftene til kultur dei tre siste åra. I kommunane er derimot delen av driftsutgiftene som går til kultur, redusert i den same perioden. Fylkeskommunane nytta 1,3 milliardar kroner av netto driftsutgifter til kulturformål i 2013. I kommunane gjekk til saman 9,8 milliardar kroner til kultur.
Hos fylkeskommunane gjekk 1,6 prosent til kulturformål
Fylkeskommunane brukte 1,6 prosent av dei totale netto driftsutgiftene på kultur i 2013. Det er den same delen som er løyva kvart år sidan 2011. I gjennomsnitt brukte fylkeskommunane 260 kroner per innbyggjar til kulturformål i 2013. Museum og kunstformidling er dei to områda som står for den største delen av utgiftene, med respektive 28,2 og 27,3 prosent.
Kommunane brukte 3,7 prosent på kultur
Kommunane brukte i gjennomsnitt 3,7 prosent av dei totale netto driftsutgiftene til kulturformål i 2013. Det er 0,1 prosentpoeng mindre enn året før. I gjennomsnitt brukte kommunane 1 921 kroner per innbyggjar til kulturformål i 2013. Dette er ein auke på drygt 62 kroner frå 2012, og 130 kroner meir enn i 2011. Idretten var den største kulturposten med 3,1 milliardar kroner, noko som utgjer 31,4 prosent av pengane til kulturformål totalt.
Meir om definisjonar i fagleg rettleiingÅpne og lesLukk
For definisjonar av rekneskapsomgrepa, sjå fagleg rettleiing i KOSTRA, http://www.ssb.no/kostra/
Tilleggsinformasjon
Konserntal korrigerer for transaksjonar mellom kommune, kommunalt føretak eller interkommunalt selskap, det same gjeld for fylkeskommune.
Kontakt
-
Line Gjermshusengen
E-post: line.gjermshusengen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 46
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00