9725_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/kultur_kostra/arkiv
9725
4 prosent til kultursektoren
statistikk
2002-06-21T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Offentlig sektor
no
kultur_kostra, Kulturtilbod, bibliotek, idrett, musikkskoler, kino, kunst, museum, driftsutgifterKOSTRA, Kultur, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kulturtilbod2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4 prosent til kultursektoren

Norske kommunar brukte i gjennomsnitt 4 prosent av dei samla netto driftsutgiftene til kultursektoren i 2001. Bykle, Aust-Agder og Røyrvik, Nord-Trøndelag var dei kommunane som satsa mest på kultursektoren. Desse kommunane brukte respektive 18 og 11 prosent av dei samla netto driftsutgiftene sine til kultursektoren i året som gjekk.

Norske kommunar nytta i alt 4,5 milliardar kroner i netto driftsutgifter innanfor kultursektoren i 2001. Desse utgiftene dekte netto driftsutgifter til mellom anna bibliotek, idrett, aktivitetstilbod til barn og unge, musikkskolar, kunst og kunstformidling, museum og kino. Medan netto driftsutgifter til idrett utgjorde 27 prosent, utgjorde netto driftsutgifter til biblioteka 20 prosent av det samla beløpet. 14 prosent av netto tilskottet til kommunane innanfor kultursektoren gjekk til aktivitetstilbod til barn og unge.

1 000 kroner per innbyggjar

Netto driftsutgifter innanfor kultursektoren varierte ein del blant kommunane i Noreg. Slike variasjonar ser ein óg blant ulike kommunar innanfor same fylke. Tala frå alle kommunane viser at Bykle kjem best ut i ein slik samanlikning. Kommunen sine netto driftstilskott innanfor kultursektoren utgjorde 13 000 kroner per innbyggjar. Dernest finn vi Eidfjord, Hordaland, og Utsira, Rogaland, som nytta over 6 000 kroner per innbyggjar til kulturelle formål. Nittedal i Akershus kjem dårlegast ut blant kommunane i landet. Netto driftsutgifter til denne kommunen var på berre 300 kroner per innbyggjar.

Prosentdel av netto driftsutgifter til ulike område innanfor kultursektoren. 2001

Når tala for dei ulike kommunane blir summerte på fylkesnivå, ser det ut som om alle fylka brukte om lag 1 000 kroner per innbyggjar innanfor kultursektoren med unnatak av Finnmark. I Finnmark utgjorde dei kommunale netto driftsutgiftene til kulturelle aktivitetar 1 600 kroner per innbyggjar. Tal frå fylkeskommunane viser at fylkeskommunane brukte i gjennomsnitt 160 kroner per innbyggjar.

450 bøker og to kinosete per 100 innbyggjar

I 2001 hadde folkebiblioteka ein bokbestand på over 20,5 millionar bøker. Dette svarer til 456 bøker per 100 innbyggjar. Total bokbestand av barnebøker var på 6 millionar bøker, medan det var over 14,7 millionar vaksenbøker. Det blei lånt ut om lag 18 millionar bøker. Av desse blei 7,2 millionar bøker lånt av barn.

Innbyggjarane i Utsira og Modalen, Hordaland, lånte flest bøker, medan innbyggjarane i Gjerdrum, Akershus, og Hurum, Buskerud, lånte færrast bøker. I 2001 lånte kvar innbyggjar i Utsira og Modalen respektive 26 og 15 bøker i gjennomsnitt. Innbyggjarane i Gjerdrum og Modalen lånte berre ei bok kvar i gjennomsnitt. Oversikta frå fylka viser at innbyggjarane i Vestfold lånte fleire bøker enn innbyggjarane i andre fylke i året som gjekk.

Det var registrert 87 100 sitjeplassar i kinoane i heile landet, altså to sete per 100 innbyggjarar. Det var 12,5 millionar kinobesøk på i alt 243 000 framsyningar i 2001. Framsyningar av norske filmar utgjorde 11 prosent av alle framsyningane, og dei norske filmane blei sett av 15 prosent av alle som besøkte kinoane.

Barne- og ungdomstiltak

I 2001 var over 700 kommunale fritidsklubbar og 150 kommunale ferieklubbar i drift. I tillegg dreiv kommunane over 170 musikk- og 30 medieverkstader. I alt mottok 23 300 lag og foreiningar kommunalt driftstilskott på 554 millionar kroner

Tabeller: