Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Småkommunar brukte mest på kultur
Norske kommunar med færre enn 2 000 innbyggjarar brukte mest pengar på kultur i 2002. Dei ti beste brukte i gjennomsnitt 9 prosent av samla netto driftsutgifter til kulturformål. Norske kommunar brukte i gjennomsnitt 4 prosent på kultur, eller 1 098 kroner per innbyggjar.
Dei tre "beste" kommunane, nemleg Bykle, Eidfjord og Utsira, brukte i gjennomsnitt 10 875 kulturkroner per innbyggjar. Gjennomsnittet for dei ti kommunane "på topp" var 5 645 kroner per innbyggjar, medan dei ti "dårlegaste" kommunane nytta i gjennomsnitt 438 kroner per innbyggjar. Ser ein på fylka under eitt, var kommunane i Finnmark også i fjor dei som i gjennomsnitt nytta flest kulturkroner per innbyggjar, med om lag 1 450. Beløpet er likevel 10 prosent mindre enn året før.
Idretten får framleis mest
Norske kommunar nytta nærare 5 milliardar kroner til netto driftsutgifter innan kultursektoren i 2002. Dette utgjer ein auke på 10 prosent samanlikna med 2001. Desse utgiftene dekte netto driftsutgifter til mellom anna folkebibliotek, idrett, aktivitetstilbod til barn og unge, musikkskolar, kunst og kunstformidling, museum og kino. Framleis dreg idrett av garde med den største delen av driftsutgiftene til kultursektoren. Nærare 1,5 milliardar kroner, eller 27 prosent, gjekk til idrett i 2002. Netto driftsutgifter til kino auka mest, med nærare 10 prosent, medan desse utgiftene utgjer berre 1 prosent av dei samla driftsutgiftene. Musikkskolane fekk 11 prosent av dei kommunale kulturpengane.
Fylkeskommunane ytte 2 prosent av samla netto driftsutgifter til kultur
I tillegg til dei kommunale tilskotta, yter og fylkeskommunane pengar til kultursektoren. Netto driftsutgifter til kultursektoren frå fylkeskommunane var på 165 kroner per innbyggjar i 2002. Finnmark fylkeskommune gav 315 kroner, medan Østfold fylkeskommune ytte 60 kroner per innbyggjar. Fylkeskommunane brukte nærare 2 prosent av dei totale netto driftsutgiftene til kultursektoren i 2002.
Færre kinobesøk, fleire utlån frå biblioteka
Sjølv om kommunane brukte litt meir av tilskotta til kinodrifta, har besøket på dei norske kinoane totalt sett gått noko ned samanlikna med 2001. I 2002 var det nærare 12 millionar kinobesøk eller om lag 2,6 besøk per innbyggjar. Dei norske filmane stod for 8 prosent av besøka.
Dei norske kommunane brukte nærare 1 milliard kroner på folkebiblioteka sine. Det totale utlånet frå folkebiblioteka var på 24 millionar utlån i 2002, ein auke på noko over 2 prosent frå 2001. Utlån av bøker stod for 75 prosent av låna i 2002, mot noko over 76 prosent året før. I gjennomsnitt lånte kvar nordmann 4 bøker frå folkebiblioteka i 2002. Det er framleis i Utsira og Modalen i Hordaland at innbyggjarane låner flest bøker. I fjor lånte innbyggjarane i dei to kommunane i gjennomsnitt 25 og 16 bøker kvar frå folkebiblioteka.
Tabeller:
- Tabell 1 Netto driftsutgifter til ulike formål innanfor kultursektoren. 2002
- Tabell 2 Netto driftsutgifter i alt og netto driftsutgifter til kultursektoren, etter kommunar og talet på innbyggjarar. 2002
- Tabell 3 Netto driftsutgifter i alt og netto drfitsutgifter til kultursektoren og talet på innbyggjarar, etter fylke. 2002
- Tabell 4 Fylkeskommunar. Netto driftsutgifter i alt og netto driftsutgifter til kultursektoren og talet på innbyggjarar. 2002
- Tabell 5 Folkebibliotek. Bokbestand og utlån av bøker for vaksne og barn, etter kommune. 2002
- Tabell 6 Kinoar. Talet på framsyningar og kinobesøk, etter kommune. 2002
Tilleggsinformasjon
Konserntal korrigerer for transaksjonar mellom kommune, kommunalt føretak eller interkommunalt selskap, det same gjeld for fylkeskommune.
Kontakt
-
Line Gjermshusengen
E-post: line.gjermshusengen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 46
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00