Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
1 790 kroner per innbyggjar til kultur
Kommunane i Noreg brukte i gjennomsnitt 1 790 kroner per innbyggjar til kulturformål i 2011. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med 2010.
KulturKOSTRA omfattar fylkeskommunanes og kommunanes utgifter til kulturformål. Begge områda har hatt ein auke i netto driftsutgifter i 2011 samanlikna med 2010. Men delen til kulturformål i høve til totale netto driftsutgifter har derimot gått litt ned. Fylkeskommunane brukte 1,2 milliardar kroner av netto driftsutgiftene til kulturformål i 2011. Kommunane brukte 8,9 milliardar kroner.
1,6 prosent gjekk til kulturformål
Fylkeskommunane brukte 1,6 prosent av dei totale netto driftsutgiftene til kulturformål i 2011. Dette er om lag den same delen som er brukt kvart år sidan 2006. I gjennomsnitt brukte fylkeskommunane 244 kroner per innbyggjar til kulturformål i 2011. Kunstformidling og museum er dei to områda som har største delen av utgiftene, med respektive 27,4 og 27 prosent.
Kommunane brukte 3,9 prosent på kultur
Kommunane brukte 3,9 prosent av dei totale netto driftsutgiftene til kulturformål i 2011. Dette er 0,5 prosentpoeng lågare enn året før og tidlegare år. I gjennomsnitt brukte kommunane 1 790 kroner per innbyggjar til kulturformål i 2011. Dette er ein auke på 57 kroner frå 2010. Idretten var den største kulturposten med 2,7 milliardar kroner, noko som svarte til 30 prosent av pengane til kulturformål. Idretten fekk 1,2 prosent av totale netto driftsutgifter i kommunane i 2011.
Meir i StatistikkbankenI Statistikkbanken, KOSTRA finn ein alle tala på fylkeskommune og kommune, grunnlagstala og indikatorane http://www.ssb.no/kostra/ DefinisjonarFor definisjonar av rekneskapsomgrepa, sjå fagleg rettleiing i KOSTRA, http://www.ssb.no/kostra/ |
Tilleggsinformasjon
Konserntal korrigerer for transaksjonar mellom kommune, kommunalt føretak eller interkommunalt selskap, det same gjeld for fylkeskommune.
Kontakt
-
Line Gjermshusengen
E-post: line.gjermshusengen@ssb.no
tlf.: 40 81 13 46
-
Hilde Sofie Frydenberg
E-post: hilde.frydenberg@ssb.no
tlf.: 40 81 13 50
-
Elisabeth Haraldsrud
E-post: elisabeth.haraldsrud@ssb.no
tlf.: 40 81 15 00