9777_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/arkiv
9777
20 millionar gjenstandar i norske museum
statistikk
2000-08-08T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

20 millionar gjenstandar i norske museum

I 1999 forvalta 433 norske museum og samlingar om lag 20 millionar ulike gjenstandar. 45 prosent av gjenstandane var naturhistoriske.

3,1 millionar av gjenstandane i dei norske musea var kulturhistoriske og 500 000 kunsthistoriske. I tillegg hadde musea nær 8 millionar fotografi. Statistikken syner også at dei norske musea hadde drygt 4 400 verneverdige bygningar.

Dei største musea og samlingane finn ein i Oslo. Mens 10 prosent av alle musea held til i Oslo, hadde dei over 44 prosent av alle gjenstandane som er registrerte. Flest museum og samlingar finn ein i Hordaland med i alt 45 einingar. Heile 83 prosent av musea var kulturhistoriske museum.

Viktigaste inntektskjelde

Musea som er med i undersøkinga, hadde i alt 1,36 milliardar kroner i utgifter i 1999. Samla inntekter var 1,35 milliardar kroner. Offentlege løyvingar utgjorde nesten 68 prosent av musea sine inntekter. Musea i Troms hadde den største andelen med 94 prosent. Dei samla billettinntektene var på 127,3 millionar. Dette utgjorde 9,4 prosent av dei totale inntektene. I 1998 var prosentandelen 10,3.

I 1999 vart det halde 2 610 utstillingar. Av dette var 1 700 basisutstillingar, om lag 670 var temporære utstillingar og 220 var vandreutstillingar. Tala tyder på at utstillingar held seg på same nivået som tidlegare år.

8 millionar menneske besøkte norske museum og samlingar i 1999. Dette er ein nedgang frå i fjor, men nedgangen er truleg ikkje reell då det var med drygt 50 fleire einingar i statistikken for 1998. Det vart registrert 3,8 millionar betalande besøkjande. Dette utgjorde om lag 47 prosent av alle besøk. Nesten 57 prosent av besøka var enkeltbesøk.

Det vart utført 2 880 årsverk ved musea i 1999. Av dette var 2 670 lønna årsverk. Institusjonane hadde i alt 5 300 tilsette. Av dette var 2 300 i faste stillingar.

Tabeller: