Innhold
Publisert:
Du er inne i en arkivert publisering.
8,5 millionar tonn avfall
I 2000 laga vi 8,5 millionar tonn avfall. Det er 1 million tonn meir enn i 1995, og nær 2 tonn per nordmann. Om lag 40 prosent av det blir materialattvunne, kompostert eller energiutnytta.
For første gong kan Statistisk sentralbyrå (SSB) presentere ein samla avfallsrekneskap for Noreg. SSB har arbeidd med avfallsrekneskapen sidan 1995. Tidlegare har det vore presentert rekneskapar for einskilde materiale kvar for seg.
Stadig meir avfall
Tala syner at vi lagar meir avfall her i landet enn vi til no har trudd. I 2000 genererte vi 8,5 millionar tonn avfall, nær 2 tonn per nordmann. Då er avfall som går rett attende til naturlege krinsløp, så som hogst- og haustingsavfall og fiskeavfall som blir dumpa på havet, halde utanom. Skip til opphogging og utrangerte oljeinstallasjonar er heller ikkje rekna med. Vraka køyrety er derimot inkluderte i tala.
Dei totale avfallsmengdene har auka i heile perioden frå 1993 til 2000. Det same gjeld òg dei fleste materiala. Berre tre-, glas- og spesialavfall har gått ned eller hatt ei ujamn utvikling. Eit nasjonalt miljøpolitisk resultatmål er at avfallsmengdene ikkje skal auke meir enn den økonomiske veksten. Når vi samanliknar utviklinga i avfallsmengdene med bruttonasjonalproduktet (BNP), ser vi at BNP målt i faste prisar har vakse meir enn avfallsmengdene i dei fleste åra sidan 1993, men at avfallsmengdene voks prosentvis meir i 1998 og 2000. Samla har BNP vakse prosentvis om lag dobbelt så mykje som avfallsmengdene i perioden.
40 prosent utnytta
Eit anna miljøpolitisk resultatmål er at om lag 75 prosent av avfallet skal bli utnytta gjennom materialattvinning, kompostering eller energiutnytting innan 2010. I 2000 blei om lag 40 prosent av avfallet utnytta. Nivået var om lag det same i 1999, men var mykje lågare i starten av perioden. I desse tala er ikkje materialattvinning og energiutnytting av spesialavfall rekna med. Tala er rekna ut på grunnlag av ein gjennomsnittleg energiutnyttingsgrad i kommunale forbrenningsanlegg på om lag 70 prosent.
Våtorganisk avfall er avfall som lett blir brote ned i biologiske prosessar, i første rekkje matavfall. Ser ein på våtorganisk avfall for seg, gjekk 25 prosent til slutthandsaming i 2000. Slutthandsaming er eit samleomgrep for deponering og forbrenning utan energiutnytting. Myndigheitene har hatt eit særskild fokus på våtorganisk avfall i seinare tid. Likevel hamna over 200 000 tonn på fyllinga i 2000.
Når det gjeld det tredje resultatmålet for avfall, at alt spesialavfallet skal bli handsama på forsvarleg, lovleg vis og vere under kontroll av myndigheitene, har SSB tidlegare i år estimert at om lag 50 000 tonn spesialavfall gjekk til ukjent handsaming, sjå statistikken over spesialavfall .
Mindre bygg- og anleggsavfall enn tidlegare trudd
Den nye avfallsrekneskapen inneheld nye tal for nokre produkttypar som det har vore retta særskild merksemd mot. Utrekningane viser at det oppstod 940 000 tonn bygg- og anleggsavfall (BA-avfall) i 2000. I rapporten "Bygg- og anleggsavfall. Avfall frå nybygging, rehabilitering og riving" frå 2000 rekna SSB ut at det blei laga 1,5 millionar tonn BA-avfall i 1998. Dei nye utrekningane er altså mykje lågare. Grunnen til det er i hovudsak nye og lågare estimat for areal av rivne bygningar, som blir nytta i grunnlaget for utrekningane. Tala tyder difor ikkje på nokon sterk nedgang i BA-avfallsmengder.
Mengda elektrisk og elektronisk avfall var om lag 170 000 tonn i 2000. På midten av 1990-talet rekna konsulentselskapet Hjellnes COWI ut ei årleg mengde EE-avfall på drygt 140 000 tonn. Avfallsrekneskapen nyttar stort sett same metoden som Hjellnes COWI. Tala tyder difor på at mengda EE-avfall aukar.
60 prosent frå industri og hushald
40 prosent av avfallet kjem frå industrien. Då er rein masse, som til dømes jord og grus, halde utanfor. Industrien genererer knapt meir avfall i 2000 enn i 1993. Auken kjem i andre næringar. Særleg har hushaldsavfallet, som utgjer 18 prosent av dei totale mengdene, auka sterkt i perioden, sjå statistikken over hushaldsavfall . Ver merksam på at vraka køyrety er med i avfallsrekneskapen og at tala for hushalda difor er noko høgare enn i hushaldsavfallsstatistikken. Ver òg merksam på at avfall frå byggje- og anleggsprodukt ikkje er det same som avfall frå byggje- og anleggsnæringane. Det oppstår til dømes BA-avfall i privat byggjearbeid på hus og hytter der byggje- og anleggsnæringane aldri var involvert. Samstundes lagar byggje- og anleggsnæringane avfall som ikkje kan reknast som BA-avfall, til dømes vanleg kontoravfall.
Ein bør merke seg at tala for metall og "Andre materiale" er svært usikre.
Tabeller:
Kontakt
-
Camilla Skjerpen
E-post: camilla.skjerpen@ssb.no
tlf.: 48 22 72 14