Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i bensinprisane
Den norske harmoniserte konsumprisindeksen var i juni 110,5 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,6 prosent frå mai. Frå juni 1999 til juni i år (12-månadersveksten) auka indeksen med 3,5 prosent mot 2,9 prosent i mai.
Høgare prisar på bensin, selskapsreiser, frukt, grønsaker og auka husleiger medverka til oppgangen i den harmoniserte indeksen frå mai til juni. I motsett retning trekte lågare prisar på elektrisitet.
Høgast prisvekst i Irland, Island, Spania og Noreg
Den harmoniserte konsumprisindeksen for heile EØS-området auka med 0,1 prosent frå april til mai.. Landa som inngår i den Europeiske monetære union (EMU) hadde òg ein oppgang på 0,1 prosent i same periode. Frå mai 1999 til mai 2000 er det Irland, Island, Spania og Noreg som har hatt høgast prisvekst med respektive 5,1, 5,0, 3,2 og 2,9 prosent. I Irland har prisane på utdanning og alkohol og tobakk auka med 14,1 og 13,1 prosent. På Island og i Spania er det spesielt prisane på bustad, lys og brensel og transport som har auka mest. Også i Noreg har prisane på transport auka ein del prosent, men det er prisane på alkohol og tobakk som har hatt den høgaste prisstiginga med 6,9 prosent. I heile EØS-området har prisane på transport auka mest dei siste 12 månadene, noko som synast å kome av oppgangen i prisane på råolje.
Billigare kommunikasjon, klede og sko
I EØS-området har prisane på kommunikasjon, under dette teletakstar og teleutstyr, gått ned med 5,2 prosent frå mai i fjor til mai i år. I same periode har det også vore ein nedgang i prisane på klede og sko på 0,2 prosent. Prisane på klede og sko har hatt størst nedgang i England, Irland og Danmark med respektive 6,3, 4,9 og 4,6 prosent. I Noreg var nedgangen på 2,2 prosent.
Svak prisauke på mat
Det har berre vore ein svak prisauke i konsumgruppene matvarer og drikkevarer utan alkohol og kultur og fritid med ein prisauke på 0,2 og 0,4 prosent i heile EØS-området. Både Frankrike og Nederland har nedgang i prisane på kultur og fritid dei siste 12 månadene, medan Belgia, Danmark, Nederland, Finland og England har nedgang i prisane på matvarer og drikkevarer utan alkohol.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land |
Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
April 2000-Mai 2000 | Mars 1999-Mars 2000 | April 1999-April 2000 | Mai 1999-Mai 2000 | Juni 1999-Juni 2000 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noreg | 0,1 | 2,6 | 2,7 | 2,9 | 3.5* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 0,6 | 1,4 | 1,0 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 0,4 | 3,0 | 2,9 | 2,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 0,5 | 3,2 | 2,5 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | -0,1 | 2,1 | 1,6 | 1,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 0,2 | 0,7 | 0,6 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 0,1 | 1,9 | 1,7 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 0,1 | 1,9 | 1,7 | 1,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
øMU | 0,1 | 2,1 | 1,9 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA1 | 0,1 | 3,7 | 3,0 | 3,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Japan1 | ... | -0,5 | -0,8 | ... | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Nasjonal konsumprisindeks. |
Kilde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15