Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oppgang i harmonisert indeks
Den norske harmoniserte konsumprisindeksen var i september 110,7 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,9 prosent frå august. Frå september 1999 til september i år auka indeksen med 3,6 prosent, mot 3,5 prosent i august.
Høgare prisar på elektrisitet, bensin, klede og sko medverka mest til oppgangen i den harmoniserte indeksen frå august til september. Elektrisitetsprisane steig med 2,7 prosent sidan førre månad, medan prisane på klede og sko auka med 5,1 prosent. Etter klar nedgang i bensinprisane førre månad auka prisane på drivstoff og smørjemiddel med 4,4 prosent i september.
Lågast prisvekst i England, Sverige og Tyskland
Den harmoniserte konsumprisindeksen for heile EØS-området viste ingen endring frå juli til august.
Derimot var det ein nedgang i 12-månadersveksten (endring frå same månad året før) frå juli til august frå 2,2 til 2,0 prosent. Landa som inngår i den Europeiske monetære union (EMU), hadde i august ein 12-månadersvekst på 2,3 prosent, mot 2,4 prosent i juli. Sidan august i fjor har England, Sverige og Tyskland hatt lågast prisvekst i EØS-området med respektive 0,6, 1,4 og 1,8 prosent. I England er det prisane på klede og sko og teletenester og teleutstyr som har trekt mest ned. Også i Sverige og Tyskland er det lågare prisar på teletenester og teleutstyr som medverkar til den låge prisveksten. Samla sett i heile EØS-området ser ein også at det er konsumgruppene kommunikasjon og klede og sko som har hatt prisnedgang i denne perioden.
Høgast prisvekst i Irland, på Island og i Luxembourg
Frå august 1999 til august 2000 er det Irland, Island og Luxembourg som har hatt høgast prisvekst med respektive 5,7, 3,9 og 3,7 prosent. I Irland har prisane på utdanning, alkohol og tobakk auka mest medan ein på Island har hatt høgast oppgang i prisane på bustad, lys og brensel. Det er prisane på helsetenester som har stige mest i Luxembourg.
I heile EØS-området har prisane på transport auka mest dei siste 12 månadene, noko som kjem av oppgangen i prisane på råolje.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land |
Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Juli 2000-
august 2000 |
Juni 1999-
juni 2000 |
Juli 1999-
juli 2000 |
August 1999-
august 2000 |
September 1999-
september 2000 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
Norge | -0,3 | 3,5 | 3,3 | 3,5 | 3.6* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | -0,7 | 4,7 | 5,1 | 3,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 0,1 | 1,4 | 1,3 | 1,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | -0,3 | 2,9 | 2,8 | 2,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 0,1 | 3,1 | 2,9 | 2,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | -0,2 | 2,0 | 2,0 | 1,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
England | 0,0 | 0,8 | 1,0 | 0,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 0,0 | 2,1 | 2,2 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 0,0 | 2,1 | 2,2 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
øMU | 0,0 | 2,4 | 2,4 | 2,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA1 | 0,3 | 3,7 | 3,5 | 3,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Japan1 | ... | -0,7 | -0,5 | ... | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Nasjonal konsumprisindeks. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15