32157_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32157
Oppgang i harmonisert indeks
statistikk
2000-12-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksnovember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppgang i harmonisert indeks

Den norske harmoniserte konsumprisindeksen var i november 111,2 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,4 prosent frå oktober. Frå november 1999 til november i år auka indeksen med 3,1 prosent. 12-månadersveksten i oktober var også på 3,1 prosent

Høgare prisar på elektrisitet, husleiger, enkelte matvarer og alkoholfrie drikkevarer medverka mest til oppgangen i den harmoniserte indeksen frå oktober til november. Lågare prisar på brunvarer og

IT-utstyr dempa oppgangen.

Høgast prisvekst

Den harmoniserte konsumprisindeksen for heile EØS-området viste inga endring frå september til oktober. Derimot var det ein nedgang i 12-månadersveksten frå september til oktober frå 2,5 til 2,4 prosent. Landa som inngår i den Europeiske monetære union (EMU), hadde i oktober ein 12-månadersvekst på 2,7 prosent etter 2,8 prosent i september. Innanfor EØS-området er det Irland som klart har hatt den kraftigaste prisveksten frå oktober 1999 til oktober 2000 med 6,0 prosent. Luxembourg og Spania har også hatt ein høg prisoppgang med respektive 4,3 og 4,0 prosent. I Irland har prisane på alkohol, tobakk og bustad, lys og brensel auka mest, medan Luxembourg har hatt høgast oppgang i prisane på helsetenester. Prisane på transport har stige mest i Spania.

Norden

I Norden er det Island som har hatt høgast 12-månadersvekst i oktober med 3,8 prosent, medan Sverige berre har hatt ein prisoppgang på 1,3 prosent i same periode. På Island er det prisane på andre varer og tenester og bustad, lys og brensel som har sterkast oppgang. Sverige derimot har ein kraftig nedgang i prisane på teletenester og teleutstyr som trekkjer ned prisveksten. I Finland, Noreg og Danmark har prisane auka med respektive 3,4, 3,1 og 2,8 prosent. Både Finland og Danmark har sterkast prisoppgang i konsumgruppa bustad, lys og brensel og i heile EØS-området er det denne konsumgruppa som aukar mest. I Noreg er det prisane på alkohol og tobakk som står for den kraftigaste oppgangen.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Endring i prosent
  Sep. 00-okt. 00 Aug. 99-aug. 00 Sep. 99-sep. 00 Okt. 99-okt. 00 Nov. 99-nov. 00
Noreg 0,1 3,5 3,6 3,1 3.1*
Island 1,0 3,9 3,6 3,8  
Sverige 0,2 1,4 1,3 1,3  
Danmark 0,2 2,2 2,7 2,8  
Finland 0,1 2,9 3,4 3,4  
Tyskland -0,3 1,8 2,6 2,4  
England -0,1 0,6 1,0 1,0  
EøS 0,0 2,0 2,5 2,4  
EU 0,1 2,0 2,5 2,4  
øMU 0,0 2,3 2,8 2,7  
USA1 0,1 3,4 3,5 3,4  
Japan1 ... -0,8 -0,8 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kilde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.