32141_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32141
Oppgang i harmonisert indeks
statistikk
2001-04-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmars 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppgang i harmonisert indeks

Den norske harmoniserte konsumprisindeksen (HKPI) var i mars 113,1 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,2 prosent frå februar. Frå mars 2000 til mars i år (12-månadersveksten) auka indeksen med 3,4 prosent etter 3,5 prosent i februar.

Høgare prisar på elektrisitet og auka husleiger medverka til oppgangen i den harmoniserte indeksen frå februar til mars. I motsett retning trekte lågare prisar på bensin og brunvarer.

Heile EØS-området

HKPI for heile EØS-området var 107,9 i februar 2001. Dette er ein oppgang på 0,6 prosent frå januar. Frå februar i fjor til februar i år steig HKPI med 2,3 prosent innanfor EØS-området.

Landa som inngår i den europeiske monetære union (EMU), hadde ein totalindeks på 107,9 i februar, ein oppgang på 0,6 prosent frå sist månad. 12-månadersveksten i EMU-området var 2,6 prosent i februar 2001. Portugal og Nederland har hatt den høgaste prisveksten med 4,9 prosent.

Norden

Island og Noreg hadde den høgaste prisveksten i Norden frå februar i fjor til februar i år med 3,9 og 3,5 prosent, medan Sverige hadde den lågaste med ein oppgang på 1,5 prosent. I Island er det spesielt prisane på tenester til utdanning og bustad, lys og brensel som har auka. Også i Noreg har prisane på bustad, lys og brensel stege ein del, men det er prisane på andre varer og tenester som har auka mest. I Sverige er det lågare prisar på teletenester, teleutstyr, klede og sko som trekkjer ned prisveksten.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Januar 2001-februar 2001 Endring i prosent
  Januar 2000-januar 2001 Februar 2000-februar 2001 Mars 2000-mars 2001
Norge 0,9 3,1 3,5 3.4*
Island 0,1 3,4 3,9  
Sverige 0,4 1,6 1,5  
Danmark 0,6 2,3 2,3  
Finland 0,7 2,9 2,7  
Tyskland          0,7 2,2 2,5  
England 0,4 0,9 0,9  
EøS 0,6 2,2 2,3  
EU 0,5 2,2 2,3  
EMU 0,6 2,4 2,6  
USA1 ... 3,7 ...  
Japan1 ... 0,1 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kilde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.