Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Oppgang i harmonisert indeks
Den norske harmoniserte konsumprisindeksen var i april 113,7 (1996=100). Dette er ein oppgang på 0,5 prosent frå mars. Frå april 2000 til april i år (12-månadersveksten) auka indeksen med 3,6 prosent etter 3,5 prosent i mars.
Høgare prisar på bensin, flybillettar og elektrisitet medverka til oppgangen i den harmoniserte indeksen frå mars til april.
Heile EØS-området
HKPI for heile EØS-området var 108,3 i mars 2001. Dette er ein oppgang på 0,4 prosent frå februar. Frå mars i fjor til mars i år steig HKPI med 2,3 prosent innanfor EØS-området.
Landa som inngår i den europeiske monetære union (EMU), hadde òg ein totalindeks på 108,3 i mars, ein oppgang på 0,4 prosent frå sist månad. 12-månadersveksten i EMU-området var 2,6 prosent i mars 2001.
Oppgang og nedgang i EØS-området
Målt som 12-månadersendring i mars, har prisane i gruppa matvarer og alkoholfrie drikkevarer hatt den sterkaste veksten i EØS-området med 4,2 prosent. Av enkeltland var det Portugal, Nederland og Irland som hadde høgast prisoppgang i denne gruppa, medan Island, Sverige og Noreg hadde den lågaste. I same periode steig prisane på bustad, lys og brensel med 4,0 prosent innanfor heile EØS-området, og her var Noreg det landet som hadde sterkast auke. Prisane på teletenester held fram med å falle i EØS-området og var i mars 4 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor. Irland hadde den største nedgangen med heile 11,6 prosent.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre
utvalde land |
Februar 2001-
mars 2001 |
Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Februar 2000-
februar 2001 |
Mars 2000-
mars 2001 |
April 2000-
april 2001 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noreg | 0,3 | 3,5 | 3,5 | 3.6* | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 0,7 | 3,9 | 4,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 0,8 | 1,5 | 1,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 0,6 | 2,3 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 0,5 | 2,7 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 0,2 | 2,5 | 2,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
England | 0,4 | 0,8 | 1,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 0,4 | 2,3 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 0,4 | 2,3 | 2,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EMU | 0,4 | 2,6 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA1 | 0,2 | 3,5 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Japan1 | ... | -0,1 | ... | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Nasjonal konsumprisindeks. |
Kilde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15