32133_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32133
Oppgang i harmonisert indeks
statistikk
2001-06-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmai 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oppgang i harmonisert indeks

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 114,2 (1996=100) i mai i år. Dette er ein oppgang på 0,4 prosent frå april. Frå mai i fjor til mai i år (12-månadersveksten) auka indeksen med 4,0 prosent etter 3,6 prosent i april.

Høgare prisar på bensin, matvarar, elektrisitet og auka husleiger medverka til oppgangen i den harmoniserte indeksen frå april til mai. I motsett retning trekte lågare prisar på audiovisuelt utstyr og teletenester.

Heile EØS-området

HKPI for heile EØS-området var 108,8 i april 2001. Dette er ein auke på 0,5 prosent frå mars. Frå april i fjor til april i år steig HKPI med 2,6 prosent innanfor EØS-området.

Landa som inngår i den europeiske monetære union (EMU) hadde òg ein totalindeks på 108,8 i april, ein oppgang på 0,5 prosent frå mars. 12-månadersveksten i EMU-området var i april på 2,9 prosent.

Oppgang og nedgang i EØS-området

Frå april 2000 til april 2001 har Nederland og Portugal hatt høgast prisvekst innanfor EØS-området med ein oppgang på respektive 5,3 og 4,6 prosent. Både i Nederland og Portugal er det prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer som har auka mest. I same periode hadde Storbritannia den lågaste prisveksten med knappe 1,1 prosent. Her er det spesielt prisane på teletenester, klede og skotøy som har falle, men også transport og møblar, hushaldningsartiklar og vedlikehald av bustad har hatt ein prisnedgang.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Mars 2001-
april 2001
Endring i prosent
  Mars 2000-mars 2001 April 2000-april 2001 Mai 2000-mai 2001
Noreg 0,5 3,5 3,6 4.0*
Island 1,2 4,1 4,4  
Sverige 1,0 1,7 3,0  
Danmark 0,5 2,2 2,6  
Finland 0,5 2,5 2,8  
Tyskland 0,3 2,5 2,9  
Storbritannia 0,6 1,0 1,1  
EøS 0,5 2,3 2,6  
EU 0,6 2,3 2,6  
EMU 0,5 2,6 2,9  
USA1 ... 2,9 ...  
Japan1 ... -0,4 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kilde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.