32111_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32111
Nedgang i konsumprisane i EØS
statistikk
2001-11-16T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksoktober 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i konsumprisane i EØS

Totalindeksen for EØS-området var i oktober 109,6 (1996=100). Dette er ein nedgang på 0,1 prosent frå september. 12-månadersveksten (endring frå same månad året før) auka med 2,2 prosent, mot 2,4 prosent i september.

Landa som inngår i eurosona hadde ein totalindeks på 109,6 i oktober. Det var ein nedgang på 0,1 prosent frå september. 12-månadersveksten i oktober var på 2,4 prosent.

I Noreg var totalindeksen for oktober 112,8 som er uendra frå september. 12-månadersveksten i oktober var på 1,8 prosent.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  September-oktober 2001 Endring i prosent
  August 2000-august 2001 September 2000-september 2001 Oktober 2000-oktober 2001
Noreg - 2,2 1,9 1,8
Island 0,6 8,1 8,8 8,3
Sverige -0,2 3,0 3,3 2,9
Danmark 0,1 2,5 2,1 2,0
Finland -0,1 2,7 2,6 2,4
Tyskland -0,4 2,6 2,1 2,0
Storbritannia -0,2 1,8 1,3 1,2
EøS -0,1 2,6 2,4 2,2
EU -0,1 2,6 2,4 2,2
Eurosona -0,1 2,7 2,5 2,4
USA1 ... 2,7 2,6 ...
Japan1 ... -0,7 -0,8 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kilde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.