Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nedgang i harmonisert indeks
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 112,7 (1996=100) i november i år. Dette er ein nedgang på 0,1 prosent frå oktober. 12-månadersveksten (endring frå same månad året før) fall frå 1,8 prosent i oktober til 1,3 prosent i november.
Prisnedgangen frå oktober til november kjem i stor grad av lågare bensinprisar. Prisutviklinga på elektrisitet og bensin forklarer i all hovudsak den kraftige nedgangen i 12-månadersveksten i november. Sjå artikkel om konsumprisindeksen for november for fleire detaljar.
Endring frå september til oktober i EØS-området
Totalindeksen for heile EØS-området var i oktober 109,6 (1996=100). Dette er ein nedgang på 0,1 prosent frå september til oktober. 12-månadersveksten var 2,2 prosent i oktober, mot 2,4 prosent i september. Landa som inngår i eurosona hadde ein totalindeks på 109,6 i oktober og 12-månadersveksten var i oktober på 2,4 prosent.
Noreg hadde lågast prisvekst i Norden
Island hadde den klart høgaste prisveksten i Norden frå oktober i fjor til oktober i år med 8,3 prosent. Det er særleg prisane på andre varer og tenester, alkoholhaldige drikkevarer og tobakk som har stige mest i pris. Også prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer samt kommunikasjon har auka meir enn den gjennomsnittlege prisveksten på Island. I Sverige, Finland og Danmark har konsumprisane stige med respektive 2,9, 2,4 og 2,0 prosent dei siste 12 månadene. Noreg er det landet i Norden som har hatt den lågaste prisveksten i oktober med 1,8 prosent. Dette kjem hovudsakleg av prisnedgang på matvarer og alkoholfrie drikkevarer. Klede og skotøy samt kommunikasjon har også falle i pris siste 12 månader.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land |
Endring i prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
September 2001-
oktober 2001 |
September 2000-
september 2001 |
Oktober 2000-
oktober 2001 |
November 2000-
november 2001 |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noreg | - | 1,9 | 1,8 | 1,3* | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 0,6 | 8,8 | 8,3 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | -0,2 | 3,3 | 2,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 0,1 | 2,1 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | -0,1 | 2,6 | 2,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | -0,4 | 2,1 | 2,0 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | -0,2 | 1,3 | 1,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | -0,1 | 2,4 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | -0,1 | 2,4 | 2,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eurosona | -0,1 | 2,5 | 2,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA1 | ... | 2,6 | ... | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Japan1 | ... | -0,8 | ... | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Nasjonal konsumprisindeks. |
Kilde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15