32091_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32091
Konsumprisvekst i EØS på 2,3 prosent
statistikk
2002-04-17T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksmars 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisvekst i EØS på 2,3 prosent

Totalindeksen for EØS-området var i mars 110,7 (1996=100), ein oppgang på 0,5 prosent frå februar. 12-månadersveksten (endring frå same månad året før) var 2,3 prosent, det same som i februar.

Landa som inngår i eurosona, hadde ein totalindeks på 110,9 i mars. Det var ein oppgang på 0,6 prosent frå februar. 12-månadersveksten i mars var på 2,5 prosent, opp frå 2,4 prosent i februar.

I Noreg var totalindeksen for mars 113,6 som er ein oppgang på 0,3 prosent frå februar. 12-månadersveksten var 0,4 prosent i mars, uendra frå februar.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land
  Februar 2002-mars 2002 Endring i prosent
  Januar 2001-januar 2002 Februar 2001-februar 2002 Mars 2001-mars 2002
Noreg 0,3 0,9 0,4 0,4
Island 0,4 9,8 9,5 9,1
Sverige 1,0 2,9 2,7 3,0
Danmark 0,8 2,5 2,4 2,5
Finland 0,5 2,9 2,5 2,6
Tyskland 0,3 2,3 1,8 1,9
Storbritannia 0,4 1,6 1,5 1,5
EøS 0,5 2,5 2,3 2,3
EU 0,6 2,5 2,3 2,3
Eurosona 0,6 2,7 2,4 2,5
USA1 0,5 1,1 1,1 1,5
Japan1 ... -1,4 -1,6 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.