Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Harmonisert indeks opp 0,3 prosent
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 117,9 i februar (1996=100), ein oppgang på 0,3 prosent frå januar. Frå februar 2002 til februar 2003 steig HKPI for Noreg med 4,1 prosent, ein nedgang frå 4,2 prosent i januar. Tolvmånadersveksten i EØS-området var 2,1 prosent i januar.
HKPI auka med 0,3 prosent frå januar til februar. Høgare prisar på bensin var ei av årsakene til prisoppgangen. Nedgang i elektrisitetsprisane dempa prisveksten. Tolvmånadersveksten i HKPI var 4,1 prosent i februar, ned frå 4,2 prosent i januar. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.
Tolvmånadersveksten i EØS-området
Konsumprisane i EØS-området steig med 2,1 prosent frå januar 2002 til januar 2003. I Irland og Noreg auka prisane mest med høvesvis 4,7 og 4,2 prosent. Den lågaste prisveksten vart registrert i Tyskland med 1,0 prosent, etterfølgd av Island med ein auke på 1,1 prosent i konsumprisane.
Eigenbetaling til utdanning auka mest med 4,9 prosent, og det er store variasjonar mellom landa. I Danmark auka eigenbetalinga med 24,7 prosent, medan i Sverige gjekk den ned med 7,7 prosent. Prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk steig med 4,1 prosent frå januar 2002 til januar 2003. I Irland og Island auka alkoholhaldige drikkevarer og tobakk med høvesvis 11,8 og 9,3 prosent. Prisar på varer og tenester innanfor transport auka i alle landa i EØS-området dei siste tolv månader. Totalt sett gjekk prisane opp med 4,1 prosent.
Prisar på klede og skotøy trekte ned konsumprisane i EØS området. Ti av dei 17 EØS-landa har hatt fallande prisar på klede og skotøy dei siste tolv månader.
Tala for Tyskland har vorte revidert tilbake frå januar 2000 til desember 2002 som ein følgje av metodiske endringar, og er merka førebelse. Dette har også påverka tala for eurosona, EU og EØS.
Konsumprisveksten i eurosona frå januar 2002 til januar 2003 var på førehand estimert av Eurostat til 2,1 prosent, medan den faktiske prisveksten vart 2,2 prosent. Forventa vekst i konsumprisane i eurosona i februar er 2,3 prosent. Tolvmånadersveksten for EU var 2,1 prosent i januar.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent |
årsvekst 2001-2002 | Desember 2001-desember 2002 | Januar 2002-januar 2003 | Februar 2002-februar 2003 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 0,8 | 2,6 | 4,2 | 4,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 5,3 | 1,9 | 1,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 2,0 | 1,7 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 2,4 | 2,6 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 2,0 | 1,7 | 1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 1,3* | 1,1* | 1,0* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 1,3 | 1,7 | 1,4 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 2,1* | 2,2* | 2,1* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 2,1* | 2,2* | 2,1* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eurosona | 2,2* | 2,3* | 2,2* | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA1 | 1,6 | 2,4 | 2,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Japan1 | -0,9 | -0,4 | ... | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Nasjonal konsumprisindeks. |
* | Førebels tal. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15