32039_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32039
Konsumprisane i EøS opp 1,9 prosent
statistikk
2003-05-16T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksapril 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisane i EøS opp 1,9 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for EøS var i april 112,9 (1996=100). 12-månadersveksten var 1,9 prosent, ned frå 2,3 prosent i mars. I Noreg var 12-månadersveksten 2,5 prosent.

Landa som inngår i eurosona, hadde i april ein totalindeks på 113,2. Frå april 2002 til april 2003 steig HKPI for eurosona med 2,1 prosent, ned frå 2,4 prosent i mars.

I Noreg var totalindeksen for april 116,4, som er ein nedgang på 0,7 prosent frå mars. 12-månadersveksten i HKPI for Noreg fall frå 3,2 prosent i mars til 2,5 prosent i april.

For meir informasjon sjå "News Releases".

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde
land. Endring i prosent
Februar 2002-februar 2003 Mars 2002-mars 2003 April 2002-april 2003
Noreg 4,1 3,2 2,5
Island 1,1 1,9 1,9
Sverige 3,3 2,9 2,3
Danmark 2,9 2,8 2,5
Finland 2,1 1,9 1,3
Tyskland 1,2 1,2 1,0
Storbritannia 1,6 1,6 ...
EøS 2,3 2,3 1,9*
EU 2,3 2,3 1,9*
Eurosona 2,4 2,4 2,1*
USA1 3,0 3,0 ...
Japan1 -0,2 -0,1 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
*  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.