32037_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32037
Harmonisert indeks ned 0,5 prosent
statistikk
2003-06-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. mai 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Harmonisert indeks ned 0,5 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 115,8 i mai (1996=100), ein nedgang på 0,5 prosent frå april. Frå mai 2002 til mai 2003 steig HKPI for Noreg med 1,8 prosent, ein nedgang frå 2,5 prosent i april. 12-månadersveksten i EØS-området var 1,9 prosent i april.

HKPI sank med 0,5 prosent frå april til mai. Utviklinga i elektrisitetsprisar og prisar på bensin var hovudårsakene til prisnedgangen. 12-månadersveksten i HKPI var 1,8 prosent i mai, ned frå 2,5 prosent i april. Sjå http://www.ssb.no/kpi/ for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før. Mars 2002-mai 2003

12-månadersveksten i EØS-området

Konsumprisane i EØS-området steig med 1,9 prosent frå april 2002 til april 2003. Irland har den høgaste prisveksten i april med 4,6 prosent. Irland har hatt den største prisveksten blant EØS-landa dei siste 10 månadene. Den lågaste prisveksten vart i april registrert i Tyskland med 1,0 prosent.

Eigenbetaling til utdanning auka med 5,4 prosent i EØS-området frå april 2002 til april 2003. Samla sett gjekk prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk opp med 5,3 prosent i same periode. Tobakksprisane auka meir enn alkoholhaldige drikkevarer. I Irland og på Island auka prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk med respektive 10,0 og 9,7 prosent.

Utgifter til transport gjekk ned med 0,4 prosent og trakk ned konsumprisane i EØS-området. Hellas hadde den største nedgangen med 6,0 prosent.

Konsumprisveksten i Eurosona frå april 2002 til april 2003 var på førehand estimert av Eurostat til 2,1 prosent, noko den faktiske prisveksten vart. Venta vekst i konsumprisane i Eurosona i mai er 1,9 prosent. 12-månadersveksten for EU var 1,9 prosent i april.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre
utvalde land. Endring i prosent
  Mars 2002-mars 2003 April 2002-April 2003 Mai 2002-mai 2003
Noreg 3,2 2,5 1,8*
Island 1,9 1,9  
Sverige 2,9 2,3  
Danmark 2,8 2,5  
Finland 1,9 1,3  
Tyskland 1,2 1,0  
Storbritannia 1,6 ...  
EøS 2,3 1,9*  
EU 2,3 1,9*  
Eurosona 2,4 2,1*  
USA1 3,0 ...  
Japan1 -0,1 ...  
1  Nasjonal konsumprisindeks.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.