32025_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32025
Harmonisert indeks opp 0,4 prosent
statistikk
2003-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeks15. august 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Harmonisert indeks opp 0,4 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var 115,6 i august (1996=100), ein oppgang på 0,4 prosent frå juli. Frå august 2002 til august 2003 steig HKPI for Noreg med 2,0 prosent, ein oppgang frå 1,2 prosent i juli. Førebels 12-månadersvekst i EØS-området var 1,8 prosent i juli.

HKPI auka med 0,4 prosent frå juli til august. Utviklinga i elektrisitetsprisar og prisar på bensin var hovudårsakene til prisoppgangen. 12-månadersveksten i HKPI var 2,0 prosent i august, opp frå 1,2 prosent i juli. Sjå http://www.ssb.no/kpi/ for fleire detaljar.

På grunn av feil i den nederlandske konsumprisindeksen tilbake til juni 2002 er tala for EØS, EU og Eurosona førebelse frå juni 2002 til juni 2003 og estimerte for juli 2003.

Harmonisert konsumprisindeks

12-månadersveksten i EØS-området

Konsumprisane i EØS-området steig med 1,8 prosent frå juli 2002 til juli 2003. Irland hadde den høgaste 12-månadersveksten med 3,9 prosent. Dei lågaste prisvekstane vart i juli registrert i Tyskland og på Island med høvesvis 0,8 og 0,9 prosent.

Eigenbetaling til utdanning auka med 5,2 prosent i EØS-området frå juli 2002 til juli 2003. Samla sett gjekk prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk opp med 4,5 prosent i same periode. I Irland og på Island auka prisane på alkoholhaldige drikkevarer og tobakk med høvesvis 9,9 og 9,6 prosent. Tobakksprisane gjekk meir opp i dei fleste landa samanlikna med alkoholhaldige drikkevarer.

Prisane innanfor gruppene post- og teletenester, kultur og fritid og klede og skotøy gjekk svakt ned frå juli i fjor til juli i år. Dette kjem av prisnedgang på teleutstyr, audiovisuelt utstyr og klede og skotøy.

Konsumprisveksten i Eurosona frå juli 2002 til juli 2003 var på førehand estimert av Eurostat til 1,9 prosent, noko den faktiske prisveksten vart. Forventa vekst i konsumprisane i Eurosona i august er 2,1 prosent. 12-månadersveksten for EU var 1,8 prosent i juli.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent
     Juni 2002-juni 2003      Juli 2002-juli 2003      August 2002-august 2003
Noreg 1,5 1,2 2,0*
Island 1,3 0,9  
Sverige 2,0 2,4  
Danmark 2,0 1,8  
Finland 1,2 1,0  
Tyskland 0,9 0,8  
Storbritannia 1,1 1,3  
EøS 1,8* 1,8e  
EU 1,8* 1,8e  
Eurosona 2,0* 1,9e  
USA1 2,1 2,1  
Japan1 -0,4 ...  
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.