32023_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
32023
Konsumprisvekst i EØS på 2,0 prosent
statistikk
2003-09-17T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksaugust 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Konsumprisvekst i EØS på 2,0 prosent

Førebels harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for EØS var i august 113,1 (1996=100). 12-månadersveksten i EØS-området var 2,0 prosent i august, den same veksten hadde Noreg.

Landa som inngår i eurosona, hadde i august ein førebels totalindeks på 113,3. Frå august 2002 til august 2003 steig HKPI for eurosona med 2,1 prosent, opp frå 1,9 prosent i juli.

I Noreg var totalindeksen for august 115,6, som er ein oppgang på 0,4 prosent frå juli. 12-månadersveksten i HKPI for Noreg auka frå 1,2 prosent i juli til 2,0 prosent i august.

På grunn av feil i den nederlandske konsumprisindeksen tilbake til juni 2002, er tala for EØS, EU og Eurosona førebelse frå juni 2002 til august 2003. Tala for Nederland er no reviderte tilbake til juni 2002.

For meir informasjon , sjå Eurostats " News Release ".

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land.
Endring i prosent
  Juni 2002- juni 2003 Juli 2002- juli 2003 August 2002- august 2003
Noreg 1,5 1,2 2,0
Island 1,3 0,9 1,0
Sverige 2,0 2,4 2,2
Danmark 2,0 1,8 1,5
Finland 1,2 1,0 1,2
Tyskland 0,9 0,8 1,1
Storbritannia       1,1 1,3 1,4
EøS 31,8 31,8 32,0
EU 31,8 31,8 32,0
Eurosona 21,9 31,9 32,1
USA1 2,1 2,1 2,2
Japan1 -0,4 -0,2 ...
1  Nasjonal konsumprisindeks.
2  Reviderte tal.
3  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.