31977_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
31977
Harmonisert indeks ned 0,3 prosent
statistikk
2004-09-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksaugust 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Harmonisert indeks ned 0,3 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg gjekk ned med 0,3 prosent frå juli til august. Nedgangen kjem hovudsakleg av sal på klede og skotøy.

HKPI for Noreg var 116,6 (1996=100) i august i år, mot 115,3 i august i fjor. 12-månadersveksten i HKPI var 1,1 prosent i august, ned frå 1,6 prosent i juli. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks

EØS, EU og eurosona

12-månadersveksten i HKPI for EU og EØS-området var på 2,2 prosent i juli. Konsumprisveksten i eurosona var i same periode på 2,3 prosent. Eurostat har på førehand estimert 12-månadersveksten i eurosona til 2,3 prosent i august.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde
land. Endring i prosent
  Juni 2003-juni 2004 Juli 2003-juli 2004 August 2003-august 2004
Noreg 1,3 1,6 11,1
Island 2,9 2,8  
Sverige 1,2 1,2  
Danmark 0,9 1,1  
Finland -0,1 0,2  
Tyskland 1,9 2,0  
Storbritannia 1,6 1,4  
EøS 2,3 12,2  
EU 2,3 12,2  
Eurosona 2,4 12,3  
1  Førebelse tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og Eurostat.