Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
HKPI steig med 0,1 prosent
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,1 prosent frå januar til februar 2005. Oppgangen kjem i hovudsak frå prisauke på møblar, matvarer og bensin.
HKPI for Noreg var 117,1 (1996=100) i februar i år, mot 116,1 i februar i fjor. Tolvmånadersveksten i HKPI var med dette 0,9 prosent i februar, uendra frå januar. Det viktigaste bidraget til tolvmånadersveksten kom frå konsumgruppa transport. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EØS, EU og eurosona
Tolvmånadersveksten i HKPI for EU og EØS-området var på 2,0 prosent i januar 2005. Konsumprisveksten i eurosona var i same periode på 1,9 prosent. Eurostat har på førehand estimert tolvmånadersveksten i eurosona til 2,0 prosent i februar 2005.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg
og andre utvalde land. Endring i prosent |
Desember 2003-
desember 2004 |
Januar 2004-
januar 2005 |
Februar 2004-
februar 2005 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 1,2 | 0,9 | 10,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 2,9 | 2,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 0,9 | 0,5 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 1,0 | 0,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 0,1 | -0,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 2,2 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 1,6 | 1,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 2,2 | 12,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 2,2 | 12,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eurosona | 2,4 | 11,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebelse tal. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15