31918_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/hkpi/arkiv
31918
HKPI auka med 0,2 prosent
statistikk
2005-09-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Inntekt og forbruk
no
hkpi, Harmonisert konsumprisindeks, HKPI, inflasjon, EU-land, EØS-land, prisutvikling, prisvekst, varegrupper (for eksempel matvarer, bustad, tranport), tenestegrupper (for eksempel teletenester, hotell og restaurantar)Konsumpriser, Forbruk, Inntekt og forbruk, Priser og prisindekser
false

Harmonisert konsumprisindeksaugust 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

HKPI auka med 0,2 prosent

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,2 prosent frå juli til august 2005. Auken kjem mellom anna av høgare prisar på elektrisitet og klede.

HKPI for Noreg var 118,7 (1996=100) i august 2005, mot 116,6 i august 2004. Tolvmånadersveksten i HKPI var dermed 1,8 prosent i august, ein auke på 0,4 prosentpoeng frå juli. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

EØS, EU og eurosona

HKPI for EØS og eurosona var på 117,8 og 118,2 i juli 2005. Tolvmånadersveksten i HKPI var 2,1 prosent for EØS, ein auke på 0,1 prosentpoeng frå juni. Tolvmånadersveksten var 2,2 prosent for eurosona, også ein auke på 0,1 prosentpoeng frå juni. EUROSTAT har på førehand estimert tolvmånadersveksten i eurosona til 2,1 prosent i august.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde
land. Endring i prosent
  Juni 2004-juni 2005 Juli 2004-juli 2005 August 2004-august 2005
Noreg 1,6 1,4 11,8
Island 0,3 0,5  
Sverige 0,8 0,7  
Danmark 1,7 1,9  
Finland 1,0 0,9  
Tyskland 1,8 1,9  
Storbritannia 2,0 2,3  
EøS 2,0 12,1  
EU 2,0 12,1  
Eurosona 2,1 12,2  
1  Førebels tal.
Kjelde:  Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.