Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
HKPI steig med 0,9 prosent
Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg steig med 0,9 prosent frå januar til februar 2006, som mellom anna kjem av høgare prisar på elektrisitet. Saman med prisane på bensin medverka elektrisitetsprisane også i stor grad til tolvmånadersveksten i HKPI på 2,7 prosent.
HKPI for Noreg var 101,4 (2005=100) i februar i år, mot 98,7 i februar i fjor. Tolvmånadersveksten i HKPI var med dette 2,7 prosent i februar, opp frå 1,8 prosent i januar. Sjå Konsumprisindeksen for fleire detaljar.
EØS, EU og eurosona
HKPI for EØS og eurosona var på respektive 100,6 og 100,7 i januar 2006. Tolvmånadersveksten i HKPI for EU- og EØS-området var på 2,2 prosent i januar 2006. Konsumprisveksten i eurosona var i same periode på 2,4 prosent. EUROSTAT har på førehand estimert tolvmånadersveksten i eurosona til 2,3 prosent i februar 2006.
Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent |
Desember 2004- desember 2005 | Januar 2005- januar 2006 | Februar 2005- februar 2006 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Noreg | 2,0 | 1,8 | 12,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Island | 1,0 | 1,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 1,3 | 1,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 32,2 | 2,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Finland | 11,1 | 2: | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 2,1 | 2,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 2,0 | 1,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EøS | 12,1 | 12,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
EU | 12,1 | 12,2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Eurosona | 12,2 | 12,4 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 | Førebels tal. |
2 | Ikkje tilgjengeleg. |
3 | Retta tal. |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT. |
Statistikken blir no publisert som Konsumprisindeksen.
Kontakt
-
Konsumprisindeksen
E-post: konsumprisindeksen@ssb.no
tlf.: 62 88 56 34
-
Kjersti Nyborg Hov
E-post: kjersti.nyborg.hov@ssb.no
tlf.: 40 90 23 63
-
Camilla Rochlenge
E-post: camilla.rochlenge@ssb.no
tlf.: 40 90 23 72
-
Gunnar Larsson
E-post: gunnar.larsson@ssb.no
tlf.: 40 90 26 79
-
Trym Kristian Økland
E-post: trym.okland@ssb.no
tlf.: 46 81 09 15